Athos Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Athos Range
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Mac. Robertson Land
 - koordinatar 70°13′S 64°50′E / 70.217°S 64.833°E / -70.217; 64.833
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Athos Range
70°13′00″S 64°50′00″E / 70.2166667°S 64.8333333°E / -70.2166667; 64.8333333
Athos Range is located in Antarktis
Athos Range (Antarktis)

Athos Range er den nordlegaste fjellkjeda i Prince Charles Mountains i Mac. Robertson Land i Antarktis. Fjellkjeda består av fleire store individuelle fjell og nunatakar som går frå 60 km aust til vest langs nordsida av Scyllabreen.[1]

Desse fjella vart først observert frå lufta under U.S. Navy Operasjon Highjump, 1946-47. Den vestlege delen av fjella vart først vitja under ANARE Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) og eit lag leia av J. Bechervaise i november 1955. Fjellkjeda vart igjen vitja i desember 1956 av det sørlege laget under ANARE, 1956-57, leia av W.G. Bewsher og eit depot vart oppretta lengst aust. Fjellkjeda vart kalla opp etter ein figur i De tre musketerer, ein roman av Alexandre Dumas som var den mest populære boka lesen under reisa.[1]

Fjell[endre | endre wikiteksten]

  • Mount Albion er eit fjell 3 km sør-søraust for Mount O'Shea i sørlege delen av Athos Range. Det vart oppdaga av det sørlege laget under ANARE leia av W.G. Bewsher (1956-57) og kalla opp etter Patrick Albion, som var radiotelegrafist ved Mawson Station i 1956.[2]
  • Farley Massif er eit fjell 1,5 km nord for Mount Jacklyn. Det vart kartlagd av ANARE frå flyfoto og kalla opp etter J.A. Farley, som var landmålar ved Mawson Station i 1964.[3]
  • Giddings Peak er ein liten fjelltopp like vest for Mount Bechervaise. Det vart kartlagd frå flyfoto tekne av ANARE i 1965 og vart namngjeven av ANCA etter A. Giddings, som var kokk på Wilkes Station i 1959.[4]
  • Mount Jacklyn er ein kjegleforma fjelltopp øvst i ein hesteskoforma rygg 1,5 km sør for Farley Massif i austlege delen av Athos Range. Det vart først vitja av det sørlege laget under ANARE leia av W.G. Bewsher (1956-57) og kalla opp etter Robert Jacklyn, kosmisk strålingsfysikar ved Mawson Station i 1956.[5]
  • Mount O'Shea er eit fjell 3 km nord-nordvest i Mount Albion. Det vart kartlagd frå flyfoto tekne av ANARE og kalla opp etter A.J. O'Shea, som var mekanikar på Mawson Station i 1964.[6]
  • Mount Shennan er eit fjell 6 km vest for Farley Massif. Det vart kartlagd frå flyfoto tekne av ANARE og kalla opp etter K.J. Shennan, dieselmekanikar ved Mawson Station i 1963.[7]
  • Mount Starlight er ein lang rygg med brune klipper og bratte sider, men utan spisse toppar ved vestenden av Athos Range. Det vart oppdaga i november 1955 av eit lag frå ANARE leia av J.M. Bechervaise. Det vart namngjeve til minne om Operasjon Starlight då depot vart lagt ut for vidare arbeid med kartlegging og geologiske undersøkingar.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Athos Range» (innhald frå Geographic Names Information System).