Atje Keulen-Deelstra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Atje Keulen-Deelstra
Nederlandse schaatskampioenschappen Deventer dames en Atje Keulen Deelstra - Bestanddeelnr 925-2918.jpg
Fødd 31. desember 1938
Grove
Død

22. februar 2013
Leeuwarden

Yrke skøyteløpar
Atje Keulen-Deelstra på Commons

Atje Keulen-Deelstra (31. desember 193822. februar 2013) var ein nederlandsk skeiseløpar frå Grouw i Friesland. som vart verdsmeister i firkamp fire gongar i tida 1970-74 og europameister tre år på rad, 1972-74 .

Keulen-Deelstra slo gjennom i 1970-sesongen, 31 år gammal. Etter å ha vorte nederlandsk meister vann ho firkamp-VM i West Allis framom landskvinna Stien Kaiser, og det utan å ha vore betre enn nummer tre i nokon av enkeltdistansane. I den fyrste sprintverdsmeisterskapen enda ho på tredjeplass. Den 14. mars runda ho av 1970-sesongen med å setje verdsrekord på 1500 meter med tida 2.17,2. Under den fyrste europameisterskapen for kvinner, avvikla i Leningrad i 1971, måtte ho sjå seg slått av tre sovjetiske utøvarar og vart nummer fire. Både i firkamp-VM og sprint-VM 1971 hamna ho langt nede på resultatlistene.

OL-sesongen 1972 gjekk Keulen-Deelstra inn til laurbærkrans i både den nasjonale meisterskapen, i EM og i VM, dei to sistnemnde meisterskapane etter tett strid mot høvesvis Nina Statkevitsj og Stien Kaiser. Under dei olympiske vinterleikane 1972 i Sapporo kneip ho sølvmedaljen på 1000 meter, eitt hundredels sekund framom Anne Henning, og tok bronsemedaljane på 1500 m og 3000 m. År 1973 var Keulen-Deelstra verdas klart beste skeiseløpar på kvinnesida. Ho vann europameisterskapen på Brandbu med over tre tidspoeng til andreplasserte Trinjie Rep, og VM 1973 i svenske Strömsund med langt over to tidspoeng til Tatjana Rastopsjina frå Sovjetunionen. I sprint-VM 1973 i Oslo tok Keulen-Deelstra andreplassen, der Sheila Young frå USA var i ei eiga klasse. Gjennom 1974-sesongen kopierte ho plasseringane frå året føreåt. Ho vart både europameister og verdsmeister i firkamp, med god avstand til sovjetiske Nina Statkevitsj. I sprint-VM 1974 vann ho sølvpokalen, Leah Poulos frå USA sikra seg VM-tittelen.

Sidan deltok ikkje Keulen-Deelstra internasjonalt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]