Atlantic Airways

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Avro RJ frå Atlantic Airways på Vagar lufthamn

Atlantic Airways er det nasjonale flyselskapetFærøyane. Det flyg innanlands og utanlands, med base på øya Vágar. I Noreg har Atlantic Airways frakta tilsette for Aker Kværner (AKST) til og frå Snøhvit- og Ormen Lange-prosjektet sidan 2004.

Selskapet vart skipa i 1987, og den første turen gjekk frå Færøyane til København i 1988. Selskapet er eigd av dei færøyske styresmaktene. Dei har ordinære ruter til Ålborg, Aberdeen, Billund, Bergen, København, London, Oslo, Reykjavik, Shetland og Stavanger, i tillegg til charterturar. Internt på Færøyane har dei helikopterruter. Selskapet frakta 101 428 passasjerar i 2002[1] og hadde 96 tilsette i januar 2005[2].

Ulukka på Stord 2006[endre | endre wikiteksten]

10. oktober 2006 køyrde Atlantic Airways rute 670 av rullebanen på Stord lufthamn, Sørstokken og tok fyr. Flyet var eit av AKST sine charterfly på veg frå Stavanger til Molde med arbeidarar som skulle til Ormen Lange. Det var 16 personar om bord, 12 av dei var passasjerar. Tre av passasjerane og ein av dei tilsette døyde i ulukka. Årsaka til ulukka var truleg at spoilerane på vengene, som skal halda flyet nede på bakken så hjulbremsene får tak, ikkje løyste seg ut.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Wikipedia på bokmål
  2. Engelsk Wikipedia
  3. Verdens Gang, 1. november 2006