Atlantic Crossing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
)
Atlantic Crossing
Studioalbum av Rod Stewart
Utgjeve 15. august 1975
Innspelt April–juni 1975
Studio A&R i New York City
Criteria i Miami
Wally Heider i Los Angeles
Hi Recording og
Muscle Shoals Sound i Alabama
Sjanger Glamrock, poprock
Lengd 44:27
Selskap Riva, Warner Bros.
Produsent Tom Dowd
Rod Stewart-kronologi
Smiler
(1974)
Atlantic Crossing A Night on the Town
(1976
Singlar frå Atlantic Crossing
  1. «Sailing»
  2. «This Old Heart of Mine»
  3. «I Don't Want to Talk About It» / «The First Cut Is the Deepest»
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Rolling Stone(average)[2]
Robert ChristgauB+[3]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]

Atlantic Crossing er det sjette albumet til Rod Stewart, gjeve ut i 1975. Det gjekk til topps på albumlista i Storbritannia og nådde niandeplassen på Billboard Top Pop Albums-lista.[5][6]

Tittelen indikerer den nye kommersielle og kunstnariske retninga til Stewart og refererte både til at han hadde kome over til Warner Brothers og at han rømde heimlandet for å unngå å betale 83 % skatt og byrja eit jetset-liv i Los Angeles (der han søkte om amerikansk borgarskap på den tida). Albumet vart delt mellom ei langsam og ei rask side, visstnok etter eit forslag frå den dåverande kjærasten hans, den svenske skodespelarinna Britt Ekland. Stewart gjorde det same på dei to neste albuma sine.

Albumet inneheld to av dei mest kjende songane til Stewart, «Sailing» og «I Don't Want To Talk About It».

Med Atlantic Crossing enda Stewart det musikalske samarbeidet med Ronnie Wood, Ian McLagan og ei rekkje av musikarane han hadde spelt med på albuma sine for Mercury Records, og blanda soul og folk. I staden brukte han ei gruppe studiomusikarar, inkludert The Memphis Horns og tre-fjerdedelar av Booker T. and the MG's. Albumet vart produsert av Tom Dowd, ein kjend lydteknikar og produsent som hadde produsert mange av heltane til Stewart i tida si i hos Atlantic Records. Den einaste songen som vart framført frå dette albumet på den siste turneen til Faces i USA i 1976 var «Three Time Loser», og resten av gruppa mislikte sterkt den nye musikalske retninga til Stewart på albumet. Etter suksessen til albumet flytta Stewart til USA og annonserte at han trekte seg frå Faces på slutten av året.

«Sailing» nådde toppen av den britiske singellista i september 1975 og gjekk igjen inn på topp tre på lista eitt år seinare då han vart nytta som kjenningsmelodien for BBC-serien Sailor. Både akustisk og elektrisk gitar vart spelt av Pete Carr.[7] I 1977, nesten to år etter albumet kom ut, fekk Stewart ein ny song frå albumet på toppen av lista med den doble A-sida «I Don't Want to Talk About It» og «The First Cut Is the Deepest» (frå albumet A Night on the Town - 1976).

I 2009 gav Rhino Records ut ein versjon av albumet på to plater med bonussongar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Three Time Loser»  Rod Stewart 4:03
2. «Alright for an Hour»  Stewart, Jesse Ed Davis 4:17
3. «All in the Name of Rock 'N' Roll»  Stewart 5:02
4. «Drift Away»  Mentor Williams 3:43
5. «Stone Cold Sober»  Stewart, Steve Cropper 4:12
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «I Don't Want to Talk About It»  Danny Whitten 4:47
7. «It's Not The Spotlight»  Barry Goldberg, Gerry Goffin 4:21
8. «This Old Heart of Mine»  Holland-Dozier-Holland 4:04
9. «Still Love You»  Stewart 5:08
10. «Sailing»  Gavin Sutherland 4:37
Bonusspor på 2010-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
11. «Skye Boat Song (The Atlantic Crossing Drum & Pipe Band)»  Harold Boulton, Annie MacLeod 4:13
Bonusplate med 2010-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «To Love Somebody» (med Booker T. & The MG's)Barry Gibb, Robin Gibb 4:12
2. «Holy Cow» (med Booker T. & The MG's)Allen Toussaint 3:16
3. «Return to Sender» (med Booker T. & The MG's)Otis Blackwell, Scott Winfield 3:42
4. «Three Time Loser» (alternativ versjon)Stewart 4:40
5. «Alright for an Hour» (alternativ versjon)Stewart, Davis 4:36
6. «All in the Name of Rock 'n' Roll» (alternativ versjon)Stewart 5:00
7. «Drift Away» (alternativ versjon)Williams 3:58
8. «Too Much Noise» (tidleg versjon av Stone Cold Sober)Stewart, Cropper 3:24
9. «I Don't Want to Talk About It» (alternativ versjon)Whitten 4:56
10. «It's Not the Spotlight» (alternativ versjon)Goldberg, Goffin 4:27
11. «This Old Heart of Mine» (alternativ versjon med Booker T. & The MG's)Holland-Holland, Moy 3:54
12. «Still Love You» (alternativ versjon)Stewart 4:57
13. «Sailing» (alternativ versjon)Sutherland 4:39
14. «Skye Boat Song (The Atlantic Crossing Drum & Pipe Band)» (alternativ versjon)Boulton, MacLeod 4:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Strykearrangement av Arif Mardin og James Mitchell

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975/76) Plassering
Australske Kent Music Report[8] 1
Kanadiske RPM-lista[9] 21
Den nederlandske albumlista[10] 2
Den italienske albumlista[11] 23
Den japanske Oricon-lista[12] 87
Noreg - VG-lista[13] 1
Den spanske albumlista[14] 18
Den svenske albumlista[15] 5
UK Albums Chart[5] 1
US Billboard 200[6] 9
Den vesttyske Media Control-lista[16] 11

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Den australske albumlista[8] 11
Den nederlandske albumlista[17] 15
UK Albums Chart[18] 3
Liste (1976) Plassering
Den australske albumlista[8] 17
Den italienske albumlista[11] 83

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Tyskland (BVMI)[19] Gull 250 000^
Storbritannia (BPI)[20] Platina 300 000^
USA (RIAA)[21] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Atlantic CrossingAllmusic
  2. Rolling Stone review
  3. Robert Christgau review
  4. Rolling Stone Album Guide
  5. 5,0 5,1 «Rod Stewart > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 31. mai 2018. 
  6. 6,0 6,1 «AllMusic: Atlantic Crossing : Charts & Awards : Billboard Albums». allmusic.com. Henta 31. mai 2018. 
  7. 7,0 7,1 from Pete Carr's official site «Archived copy». Arkivert frå originalen 13. februar 2012. Henta 1. juni 2018. .
  8. 8,0 8,1 8,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  9. «Top Albums/CDs – Volume 24, No. 17». RPM. 24. januar 1976. Henta 2. juni 2018. 
  10. «dutchcharts.nl Rod Stewart – Atlantic Crossing». Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Arkivert frå originalen (ASP) 21. juni 2013. Henta 31. mai 2018. 
  11. 11,0 11,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1976» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 31. mai 2018. 
  12. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  13. «norwegiancharts.com Rod Stewart – Atlantic Crossing». Arkivert frå originalen (ASP) 13. november 2012. Henta 31. mai 2018. 
  14. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  15. «swedishcharts.com Rod Stewart – Atlantic Crossing» (på svensk). Arkivert frå originalen (ASP) 29. desember 2013. Henta 31. mai 2018. 
  16. «Album Search: Rod Stewart – Atlantic Crossing» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 31. mai 2018. 
  17. «Dutch charts jaaroverzichten 1975» (ASP) (på nederlandsk). Henta 31. mai 2018. 
  18. «The Official UK Charts Company : ALBUM CHART HISTORY». Arkivert frå originalen 16. desember 2007. Henta 16. desember 2007. 
  19. «Gold-/Platin-Datenbank (Rod Stewart; 'Atlantic Crossing')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 31. mai 2018. 
  20. «British album salstrofé – Rod Stewart – Atlantic Crossing». British Phonographic Industry. Henta 31. mai 2018.  Enter Atlantic Crossing in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  21. «American album salstrofé – Rod Stewart – Atlantic Crossing». Recording Industry Association of America. Henta 31. mai 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH