Atlas Cove
Atlas Cove | |||
vik | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Heardøya | ||
- koordinatar | |||
![]() Atlas Cove | |||
Atlas Cove er ei vik på nordkysten av Heardøya sør i Indiahavet, og ligg mellom Laurens Peninsula og Rogers Head. Ho vart namngjeven av amerikanske selfangarar etter ein av skonnertane som gjekk i land på Heardøya i 1855. Namnet finst på eit kart av den britiske ekspedisjonen under Nares, som vitja øya med HMS «Challenger» i 1874 og skreiv då ned dette namnet som var i bruk av selfangarane.[1]
Frå 1947 til 1955 låg det ein forskingsleir ved Atlas Cove. I 1969 var amerikanske forskarar igjen ved vika. Busetnaden vart i 1971 utvida av franske forskarar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Atlas Cove» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: