Atle Brynestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Atle Brynestad
Fødd 30. september 1953 (66 år)
Flagget til Noreg Rykkinn i Akershus
Yrke Forretningsmann
Ektefelle Linn Stokke

Atle Brynestad (fødd 30. september 1953 på Rykkinn) er ein norsk forretningsmann som er mest kjend for å ha starta butikkjeda Smart Club i 1996.

Brynestad er utdanna cand.mag. frå Universitetet i Oslo med statsvitskap (hovudfag), offentleg rett og sosialøkonomi. Han har òg teke ein del økonomifag ved BI.

Karrieren byrja med at Brynestad starta ein strikkefabrikk på ein låve, 16 år gammal. Han kjøpte i 1984 Christiania Glassmagasin, og starta Smart Club hausten 1996. Han er i dag eigar av mellom anna Porsgrunds Porselænsfabrik, Hadeland Glassverk og Steninge slott i Sverige. Sommaren 2008 selde han FC Lyn Oslo og Smart Club.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Brynestad vart gjenstand for kritikk og skepsis av investorar etter at NRK Brennpunkt viste dokumentaren «Porselensbløffen» i 2004. Programmet stilte han og hans Porsgrunds Porselænsfabrik i eit særs uheldig ljos. Brynestad vart så sint at han kalla NRK-sjef John G. Bernander «ein ål».[1]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Han har sidan 1990 vore gift med skodespelaren Linn Stokke. Dei har fått to born saman. I tillegg har dei til saman seks born frå før, på kvar sin kant. Atle Brynestad er far til songaren Madeleine Brynestad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar