Atle Hansen
| Atle Hansen | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 18. november 1954 (71 år) Mosterhamn |
| Yrke | skribent, journalist, musikar |
| Prisar | Heidersprisen Aasmund Olavson Vinje |
| Atle Hansen på Commons | |

Atle Hansen (fødd 18. november 1954) er ein norsk forfattar, trubadur, tonesetjar og journalist.
Hansen vart fødd i Mosterhamn i Bømlo, og er busett på Stord. Han har studert litteraturvitskap, teatervitskap og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Han har òg vore journalist i lokalavisa Sunnhordland frå 1987 til 2016. Han har vore medlem i Norske barne- og ungdomsboksforfattere sitt litterære råd og i Kulturrådet si ankenemnd for barne- og ungdomsbøker, og av Kulturrådet sitt Vurderingsutvalet for barne- og ungdomslitteratur.
Atle Hansen var saman med Herdis Elin Belsvik inititativtakar til den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu på Stord og sat i programkomiteen dei første fem åra.
Som visesongar har han samarbeidd både om songar og på scenen med forfattarane Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad, Rune Belsvik, Per Jan Ingebrigtsen og Adrian Henri. Han har turnert flittig i Den kulturelle skulesekken over det meste av landet.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Barne- og ungdomsbøker
[endre | endre wikiteksten]- Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill (1997, Cappelen)
- Den nihala katten (1998, Cappelen)
- Pelle Parakitt (1999, Samlaget)
- Skatten (2000, Cappelen)
- Heksa (2001, Samlaget)
- Ulvestova (2004, Samlaget)
- Det kvite pulveret (2006, Samlaget)
- Skatten i Skutevika (2007, Samlaget)
- Lasse ensam hemma (2007, Söderströms) skriven saman med Anders Gustafsson, Tove Krebs Lange og Curt West.
- Fangar i natta (2008, Samlaget)
- Den svarte oksen (2009, Samlaget)
- Amanda sin medisin (NN) (2012, Leseløve, CappelenDamm)
- Amandas medisin (BM)(2012, Leseløve, CappelenDamm)
- Flukt (2013, Samlaget)
- Svartedalen (2015, Samlaget)
- Apetryne (2017, Samlaget)
- Klure (2018, Samlaget)
- Eg har venta på deg (2020, Samlaget)
- Alexander er forelska i Live (2021, Samlaget)
Vaksenbøker
[endre | endre wikiteksten]- Sargasso (2003, Samlaget)
- Som ein engel (2005, Samlaget)
- Definitivt Hjerter Ess (2009, Baskerville)
- Syng meg heim!(2012, Wigestrand)
- Maria Møy (2018, Wigestrand)
- Han som vart att (2021, Kapabel)
- Arvid, Anna og Aud (2022, Kapabel)
- - Eg er Valmond Komb (2023, Kapabel)
- Den fordømte katten (2026 Kapabel)
Han er også representert i antologiane Gi gutten et horn (1998, Cappelen), Sentimental (2005, Eide), Passord: Spøkelse. Nordiske grøss (2006, Samlaget) og Godnattboka (2007, Skald forlag).
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Trøysteslaus Hotell (EP, saman med Ragnar Hovland)(1984)
- Så susar vi rundt på ei stjerne (MC med tekstar av Rune Belsvik. For Redd Barna) (1989)
- Blå måne (1995)
- Mast utan skip (2006)
- Kamel til Samarkand (Jentene i Sunnhordland)/Gammal saman med deg (2010)
- Resonator (EP, 2017)
- Hansen Elektro (EP, 2020)
- Gå, gå, gå, gå (Single 2025)
- Ein, stor svart hund (Single 2025)
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Hordaland Mållag sin målrockpris 1985 saman med Ragnar Hovland for Trøysteslaus hotell
- Vinjeprisen 1996
- Ordknappen 2013
- Stord kommune sin nynorskpris 2021
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |