Atle Jebsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atle Jebsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. november 1935
Død

13. oktober 2009 (73 år)

Yrke forretningsdrivande, reiar
Far Kristian Jebsen

Atle Jebsen (10. november 193513. oktober 2009[1]) var ein norsk skipsreiar.

Yrkesliv i selskapa til familien[endre | endre wikiteksten]

Jebsen var son av Kristian Stange Jebsen, som grunnla rederiet Kristian Jebsens Rederi AS i 1929. Jebsen vart først befraktar i dette reiarlaget i 1962. Då faren omkom i ei togulukke i USA overtok Atle Jebsen som administrerande direktør og leiar for reiarlaget frå 1967, berre 31 år gammal.[2]

Jebsen hamna i fokuset til media i då MS «Rocknes» kantra i Vatlestraumen i 2004. Av mannskapet på 30 omkom 18.[3]

Verv i organisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Atle Jebsen var president i Norges Rederiforbund 1982–83, og i Baltic and International Maritime Conference 1985–87. Han var styreformann i Den Norske Krigsforsikring for Skib 1984-2002.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Atle Jebsen omkom i ein bilulukke 13. oktober 2009.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Atle Jebsen omkom i ulykke». NRK Nyheter. 13. oktober 2009. Henta 15. oktober 2009. 
  2. Atle Jebsen døde i trafikkulykke, Bergensavisen, 14. oktober 2009
  3. - Hjelp, vi er i ferd med å kantre! Bergensavisen