Atle McAdam
Utsjånad
| Atle McAdam | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 18. juni 1977 Oslo |
| Død | 7. august 2026 (49 år) Nordre Follo |
| Idrett | friidrett |
Atle McAdam (18. juni 1977–7. august 2026)[1][2] var ein norsk friidrettsutøvar frå Oslo. Åra frå 1995 til 2011 tok han ti NM-medaljar på 400 meter hekk, tre i gull. Han var norsk rekordhaldar i øvinga frå 2003 til 2013 og medlem i IK Tjalve.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]McAdam vart norsk meister på 400 m hekk fyrste gongen i 2000. Sidan vann han NM-gull i 2002 og 2004. 31. mai 2003 sletta han Petter Hesselberg sin 19 år gamle noregsrekord i øvinga då han i Florø kom i mål på tida 50,67 sekund. Den nye noregsrekorden gjaldt i 10 år og 3 veker, til dess Øyvind Kjerpeset vart fyrste nordmann under 50 sekund på langhekken.
Medaljar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Ola Mjaaland; Mathias Hagen; Paal Wergeland & Vegard Kjøllmoen Steien. «Norgesmester i friidrett Atle McAdam døde i sykkelulykke» (på bokmål). NRK. Henta 11. august 2026.
{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link) - 1 2 Herman Folvik; Svanhild Bøe; Jørgen Eriksen; Bendik Hansen & Eirik Sørenmo Påsche. «Atle McAdam (49) døde i sykkelulykken i Nordre Follo» (på bokmål). Verdens Gang. Henta 11. august 2026.
{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)