Atle Skårdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Atle Skårdal

Atle Skaardal.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. februar 1966
Skien
Idrett alpint
Yrke alpinist

Atle Skårdal (fødd 17. februar 1966) er ein norsk tidlegare skirennar og seinare idrettsleiar frå Lunde i Telemark. Han vart verdsmeister i super-G både i 1996 og 1997 og vann sju renn i verdscupen i alpine greiner. Sidan 2005 er han tilsett i det internasjonale skiforbundet (FIS) som renndirektør for verdscupen i alpine greiner for kvinner. Perioden 2000-05 var han norsk landslagstrenar i alpint. Skårdal er gift med den austerrikske tidlegare skirennaren Karin Köllerer.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Skårdal fekk sitt store gjennombrot då han vann utforennet i Hahnenkamm-renna i 1990, og tok sin fyrste verdscupsiger. Dermed vart han fyrste nordmann som vann eit renn i Kitzbühel og for denne prestasjonen vart han kåra til årets idrettsutøvar i Noreg. Mellom 1990 og 1995 vann Skårdal sju renn i verdscupen i alpine greiner, dei seks fyrste i utfortevlingar og det siste i super-G. I 1996 vart han tildelt FIS-pokalen som beste utøvar i super-G.

Han tok si fyrste VM-medalje då han under VM 1993 i Morioka kom på sølvplassen i utforrennet, bakom sveitsaren Urs Lehmann. Skårdal vart under VM 1996 i Sierra Nevada i Spania verdsmeister i super-G. Sesongen etter forsvarte han meistertittelen under VM 1997 i Sestriere.

Trenar og leiar[endre | endre wikiteksten]

Skårdal la opp som aktiv i 1997. Frå 2000 til 2005 var han landslagstrenar i alpint for Noreg. Sidan har han arbeidd som renndirektør i FIS, som øvste ansvarlege for verdscupen i alpine greiner for kvinner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]