Atle Sommerfeldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atle Sommerfeldt

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. november 1951 (72 år)
Eidsvoll kommune
Yrke teolog, prest
Tittel Biskop i Borg
Periode 2012-2021
Føregangar Helga Haugland Byfuglien
Etterfylgjar Kari Mangrud Alvsvåg
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Atle Sommerfeldt på Commons

Atle Sommerfeldt (fødd 22. november 1951) er ein norsk teolog. Han var biskop i Borg bispedømme 2012-2022.[1]

Atle Sommerfeldt voks opp i Asker, avla teologisk embetseksamen i 1980 og tok praktisk-teologisk seminar ved Menighetsfakultetet i 1981. Han arbeidde som prest i Oslo bispedømme i tida 1982–1984, var assisterande generalsekretær i Botswana Christian Council frå 1989 til 1993 og generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja frå 1993 til 1994. Frå 1994 til 2011 har han vore generalsekretær i Kirkens Nødhjelp.[2] Han vart utnemnd til biskop i Borg i kyrkjeleg statsråd 14. oktober 2011, og var den siste biskopen som vart utnemnd av Kongen i statsråd.

Atle Sommerfeldt er gift med Marianne Uri Øverland. Paret har ei dotter som dei adopterte i Botswana.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Biskopen i Borg», kirken.no. Vitja 22. oktober 2015.
  2. Budstikka 14.10.2011