Atle Sponberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atle Sponberg
Fødd17. oktober 1964 (59 år)
OpphavNoreg
Instrumentfiolin
Verka sommusikar
PrisarSpellemannprisen i klassisk musikk

Atle Sponberg (fødd 17. oktober 1964) er ein norsk fiolinist og orkesterleiar frå Gjøvik. Han er kunstnarisk leiar for orkesteret Gjøvik Sinfonietta og konsertmeister i Kringkastingsorkesteret. Han spelar på ein fiolin som vart laga av Giovanni Battista Guadagnini i Milano i 1752.[1]

Atle Sponberg spelar ofte fiolinmusikk av dei største klassiske komponistane, Bach, Mozart, Beethoven og Brahms med fleire.[2] Han vert mykje brukt som solofiolinist, og har vore solist med dei største norske orkestra. Han har turnert både i Europa, USA og i Australia. Sponberg er lidenskapeleg oppteken av å spela argentinsk tango, gjerne komponert av Astor Piazzolla. Hausten 2013 heldt han tangokonsert med TrondheimSolistene, Per Arne Glorvigen, Steinar Haugerud og Sverre Indris Joner, der dei framførte verk av Piazzolla og Carlos Gardel.[3] Han har også fleire plateutgjevingar bak seg.

Hausten 2012 ytra Atle Sponberg med fleire ønskje om å etablera eit Orkester Innlandet med sentrum i Gjøvik for å gjera byen til eit musikksentrum i området. Målet var å koma inn på statsbudsjettet med orkesteret.[4] Året etter fekk Gjøvik Sinfonietta utvida mannskap slik at Innlandet Filharmoniske Orkester vart skipa. Gjøvik Sinfonietta skifta samtidig namn til Innlandet Sinfonietta.[5] Det nye orkesteret har som mål å dekkja heile Innlandet, både Hedmark og Oppland.[6]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipedia om Atle Sponberg, henta inn 27. november 2013
Fotnotar