Atle Tranøy
Hopp til navigering
Hopp til søk
Atle Tranøy | |
Fødd | 18. juni 1957 (63 år) |
Atle Kåre Tranøy (fødd 18. juni 1957) er ein norsk fagforeiningsleiar frå Stord. Han representerer i dag dei tilsette i styret til Aker ASA.
Tranøy starta som røyrleggjar på Stord Verft, og vart leiar i Verkstadklubben i 1987. Han vart konserntillitsvald i Aker Maritime i 1997, og vart seinare konserntillitsvald i Aker Kværner og eigarselskapet Aker ASA. Han er òg leiar i avdeling 118 i Fellesforbundet.
Atle Tranøy var tidlegare leiar av Stord Raud Valallianse, men er ikkje politisk aktiv i dag. Sonen Eldar Tranøy har òg vore kandidat til kommunestyret for same partiet.