Atrå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atrå kyrkje i 2007
Atrå stavkyrkje, teikning frå 1833

Atrå er eit sokn i Tinn kommune i Telemark fylke. Soknet har 625 innbyggarar (2013) og femnar om midtre og nordvestre delane av kommunen. Hovuddelen av folkesetnaden finst i dalane Gjøystdal, Gausetdalen og Husevolldalen, som møtest i kyrkjebygda like ved nordenden av Tinnsjøen, om lag 25 km nordaust for kommunesenteret Rjukan. Fylkesveg 364 er hovudferdselsåre i bygda.

Atrå har haft kyrkje sidan mellomalderen. Noverande Atrå kyrkje vart innvigd i 1836, og kom i staden for ei tidlegare stavkyrkje bygd omkring 1180 og riven i 1833. I Atrå er det barnehage, barne- og ungdomsskule, samt daglegvarehandel.

Opphavleg var soknet betydeleg større, men i 1888 vart Austbygde utskilt som eige sokn, og folketalet vart då meir enn halvert.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk vart innført som målform i skulen i 1908, liksom i dei fleste andre bygdeskulane i Tinn kommune, men i 2010 vart bokmål teke i bruk som målform i alle skular i kommunen. I kyrkja brukast fortsatt nynorsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. I. Bandet. 1949