Atrå stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atrå stavkyrkje i 1833

Atrå stavkyrkje var ei einskipa stavkyrkje i bygda Atrå i Tinn kommune i Telemark. Kyrkja vart innvigd av Hamar-biskop Ragnar omkring 1180. I 1839 vart ho riven etter at den nye Atrå kyrkje (ei langkyrkje teikna av slottsarkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow) vart oppført i 1836. Fleire plankar med runeinskripsjonar frå Atrå stavkyrkje er tekne vare på og er i dag i OldsaksamlingaKulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Portalen[endre | endre wikiteksten]

Portal frå Atrå stavkyrkje
Foto: John Erling Blad (2009)

Portalen er i nær slekt med portalen i Nore stavkyrkje[1] og portalen i Ål stavkyrkje, og er no ved Universitetets oldsaksamling i Oslo. Portalen har eit mer provinsielt preg enn portalen fra Ål. Han er datert til perioden 1163 til 1189 på bakgrunn av ein veggtile som fortel at kyrkja vart innvigd av biskop Ragnar i Hamar.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Anker, Peter (1997). Stavkirkene – deres egenart og historie. Oslo: Cappelen. s. 154. ISBN 82-02-15978-4. 
  2. Nygaard, Edith Marie; Hammervold, Alf; Horgen, Randi (2000). Middelaldersalen i Historisk Museum. Universitetets Kulturhistoriske Museer, Oldsakssamlingen. s. 9. ISBN 82-7181-160-6.