Atropin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
D- og L-isomerar av atropin.

Atropin er eit lækjemiddel som vert framstilt av belladonnaurt (Atropa belladonna), ein potensielt giftig medisinsk urt. Atropin kan brukast mot ei lang rekkje lidingar: Det lammar visse nerveendar og virkar avslappande på innvolsmuskulatur. Det kan òg brukast til å turka ut lunge og strupe før narkose. Det verkar utvidande på pupillane og vert difor brukt som augedropar i forkant av augeundersøkingar og ved behandling av regnbogehinnebetennelse.[1] Det kan òg verka lindrande ved astma og kikhoste og kan nyttast ved enkelte tilfelle av soppforgifting. Atropin er òg motgift ved nervegass.[2]

Dei vanlegaste biverknadane av atropin er nedsetting av spytt- og sveitteproduksjonen.[1] Det hemmar dermed auget si tilpassing til syn på nært hald, altså akkomodasjonsrefleksen. Atropin verkar i kroppen i over ei veke.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Nordeng, Hedvig (22. august 2023). «atropin». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  2. «Atropine Monograph for Professionals», Drugs.com (på engelsk), henta 6. desember 2023