Atsuto Uchida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
内田篤人
Atsuto Uchida
Atsuto Uchida 2011-08-03-2.jpg
Fullt namn Atsuto Uchida
(japansk: 内田篤人)
Fødd 27. mars 1988
Kannami i Japan
Høgd 176 cm
Posisjon Høgre vingback
Klubbinformasjon
Spelar for Schalke 04
Draktnummer 22
Ungdomsklubb
2003-05 Japan Shimizu Higashi vidaregåande skule
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2006-10
2010-
Japan Kashima Antlers
Tyskland Schalke
124 (3)
13 (0)
Landslag**
2007-08
2008-
Japan Japan U23
Japan Japan
8 (0)
34 (1)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 31. desember 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 14. oktober 2010.

Atsuto Uchida (fødd 27. mars 1988 i Kannami i Shizuoka-prefekturet) er ein japansk fotballspelar som spelar for Schalke 04 i tysk Bundesliga, og for det japanske landslaget.

Den første profesjonelle klubben til Uchida var Kashima Antlers. Han debuterte for klubben 17 år gammal., 5. mars 2006. Han vart stemt med på J-ligaen sitt All-Star-lag i 2006. Han har vore med på å vinna J-ligaen med Kashima Antlers tre år på rad, i 2007, 2008 og 2009. Sommaren 2010 gjekk han til Schalke i Tyskland.

Han vart teke ut til ein A-landslagstropp for første gong i 2006, men utan å få spela. Han debuterte for A-landslaget 26. januar 2008 i ein vennskapskamp mot Chile, den første landskampen til den nye landslagstrenaren Takeshi Okada. 22. juni 2008 skåra han det første landslagsmålet sitt då Japan slo Bahrain 1-0. Han vart dermed den yngste japanaren som har skåra i ein VM-kvalifiseringskamp, 20 år og 87 dagar gammal. I 2008 var han med og spelte for Japan i sommar-OL.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing av stoff frå engelsk wikipedia 11. mai 2010.