Aubrey Powell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aubrey Powell
Aubrey Powell.jpg
Fødd 23. september 1946
Sussex
Yrke grafisk designar, filmregissør
Aubrey Powell på Commons

Aubrey «Po» Powell (fødd 23. september 1946) er ein britisk grafisk designer, mest kjend som medlem av designbyrået Hipgnosis i lag med Storm Thorgerson i 1967. Selskapet dreiv med stor suksess i 15 år fram til 1982 og skapte somme av dei mest nyskapande og kjende plaeomslaga medan dei eksisterte for kjende artistar som Pink Floyd, Led Zeppelin, Paul McCartney, Yes, Genesis, 10cc, Peter Gabriel, Bad Company, Emerson, Lake & Palmer, Scorpions, Styx, Syd Barrett og Black Sabbath. Hipgnosis vart nominert til fem Grammy-prisar.

I 1982 skipa Powell, Thorgerson og Peter Christopherson Greenback Films, som filma musikkvideoar for mange artistar, som «Big Log» for Robert Plant, «Wherever I Lay My Hat» for Paul Young, «Owner of a Lonely Heart» for Yes og «Blue Light» for David Gilmour.

Aubrey Powell skipa Aubrey Powell Productions i 1985 i lag med Peter Christopherson og produsenten Fiz Oliver, som laga musikkvideoar, musikkbaserte filmar og fjernsynsreklamar.

Aubrey Powell har òg sidan 1982 laga filmar, først som produsent og manusforfattar, og sidan som regissør. I 2011 laga han dokumntarfilmen The Bull Runners of Pamplona.

I 1989 var Powell kunstnarisk leiar for verdsturneen til Paul McCartney.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]