Auchtermuchty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Auchtermuchty

skotsk-gælisk
skotsk

Uachdar Mucadaidh
Auchtermuchty, Muchtie
Auchtermuchty
Auchtermuchty
Plassering
Auchtermuchty is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom (3-5).svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Fife
Tradisjonelt grevskap Fife
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

2 010
Koordinatar 56°17′″N 3°14′″WKoordinatar: 56°17′″N 3°14′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer KY14
Telefon-retningsnummer 0 1337
Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Auchtermuchty

Auchtermuchty er ein by i regionen Fife i Skottland. Han har kring 2000 innbyggjarar og ligg ved Pitlour Hill, omkring 14 km nord for Glenrothes. Byen er ein kongeleg burgh, grunnlagt under charter frå Jakob V i 1517.

Ein har funne spor etter busetjing 2000 år tilbake. Romarane hadde ein leir i den søraustlege delen av byen.

Tidlegare var tekstilindustrien viktigaste næringskjelde, men på byrjinga av det 1700-talet grunnla John White det første støyperiet i byen, og dette vart seinare følgt av eit til. Frå 1829 til 1929 var det òg eit destilleri der, men med forbodstida i USA forsvann den viktigaste eksportmarknaden, og det vart nedlagt. I dag er det noko industri i byen, men dei fleste pendlane til andre stader.

Blant kjende personar frå byen er John Gladast, som grunnla sekta glasittane i 1725 og sir Jimmy Shand. Charlie og Chris Red frå The Proclaimers vart fødd i Leith, men voks opp i Auchermuchty.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]