Aud Hvammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aud Hvammen
Fødd 1943
Geilo
Yrke alpinist

Aud Hvammen Lunde (fødd 31. mai 1943) er ein norsk tidlegare alpin skirennar frå Geilo, som vann fem NM-gull i tida 1964-68, tre av dei storslalåm. Ho var medlem i Geilo Idrettslag og er gift med Peder Lunde. Margit Hvammen var hennar eldre syster.

Aud Hvammen fekk sitt gjennombrot med NM-sølv på Rjukan i 1961. Vinteren 1964 vann ho slalåmtevlinga og kombinasjonen då NM i alpine greiner 1964 fann stad i Hemsedal, der ho også tok sølvmedaljen i storslalåm. Året etter sikra ho seg gull i storslalåm og sølv i utforrennet under NM 1965 på Voss. I 1966 kom ho på sølvplassen i dei same to øvingane ved noregsmeisterskapen på Oppdal. Under NM 1967Voss bytte Hvammen med Dikke Eger Bergmann om å ta gull og sølv i høvesvis storslalåm og slalåm. Hvammen deltok i Vinter-OL 1968 og vart nummer 28 i storslalåm. Seinare i OL-sesongen avslutta ho i Ørsta si tid som aktiv med å verte norsk meister for tredje gong i storslalåm, og tok ei veke seinare NM-sølv i utfortevlinga i Narvik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken", aktuelle årgangar.