Aud Marthinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aud Marthinsen
Aud Marthinsen (Fremskrittspartiet) (10328122776).jpg
Foto: Kenneth Hætta/Sametinget
Fødd29. mai 1967
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar

Aud Helene Marthinsen (fødd 29. mai 1967) er ein norsk samisk politikar, som representerer FramstegspartietSametinget. Ho var vald inn på Sametinget for perioden 2013-17, frå Gáisi valkrets, og var medlem av plan- og finanskomiteen. Ho var òg sametingrepresentant for perioden 2009-13, der ho var medlem i nærings- og kulturkomiteen. Frå og med 8. januar 2014 og ut perioden møtte ho som fast medlem i Troms fylkesting.

Martinsen har bakgrunn som reinhaldar og frå rekneskapsarbeid. I tillegg til å ha vore sametingsrepresentant er ho m.a. styremedlem og medlemsansvarlig for Kåfjord Frp, landstyremedlem i Frp, og ho var parlamentarisk leiar for Frps sametinggruppe.

Ho er gift og har fire barn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]