Auditorio de Tenerife

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Auditorio de Tenerife

Auditorio de Tenerife «Adán Martín»[1][2][3] er ein operabygning teikna av spanske arkitekten Santiago Calatrava Valls. Han ligg i byen Santa Cruz de Tenerife, hovudstaden på kanariøya Tenerife, og er eit kjend symbol for byen.[4]

Bygginga av Auditorio de Tenerife tok til i 1997 og enda i 2003. Operaen blei innvigd 26. september same året med kronprins Felipe av Spania til stades, og blei vitja av tidlegare amerikanske presidenten Bill Clinton. Bygningen passar inn i prinsippa for sein-modernistisk arkitektur på slutten av 1900-talet.

Orquesta Sinfónica de Tenerife held til i Auditorio de Tenerife.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]