Audna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Audna
elv
none  Melhusfossen ligg midtveis i elva, i Lindesnes kommune
Melhusfossen ligg midtveis i elva, i Lindesnes kommune
Lengd 55 km km
Nedslagsfelt 450 km² km²
Middelvassføring 20 m³/s /s
Kjelde Grindheimsvatnet
Munning Sniksfjorden

Audna (Audnedalselva) renn gjennom Audnedalen i Vest-Agder gjennom Audnedal og Lindesnes kommunar. Audna har utspringet sitt i Grindheimsvatnet, går gjennom Øvre Øydnavatnet og Ytre Øydnavatnet og munnar ut i Sniksfjorden.

Audna er 55 km lang. Det er laks og sjøaure på ei 30 km lang strekning frå Bustad og opp til utløpet av Ytre Øydnavatnet.

Nedbørfeltet er på 450 km² og middelvassføringa er 20 m³/s.

Den stadeigne laksestamma i Audna gjekk til grunne tidleg på 1970-talet. Eit kalkingsprosjekt starta i 1985. Målet var å bygge opp ei ny laksestamme. Dette målet er nådd og laksestamma vert no opprettheldt gjennom naturleg reproduksjon.

I 2004 vart det fiska 2,4 tonn laks og 219 kg sjøaure i Audna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vest-Agder å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.