Audnedal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Audnedal kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vest-Agder
Adm.senter Konsmo
Areal 251 km²
 - land 237 km²
 - vatn 14 km²
Folketal 1 786 (1. januar 2018)
Folketettleik 8 / km²
Målform nøytral
Ordførar Reidun Bakken (KrF)
Kommunenr. 1027
NO 1027 Audnedal.svg
Wikimedia Commons: Audnedal
Nettstad: www.audnedal.kommune.no

Audnedal er ein kommune i Vest-Agder fylke. Audnedal er ein innlandskommune, som grensar til Aust-Agder fylke i nordaust. I nord grensar kommunen mot Åseral kommune, og i vest mot Hægebostad kommune. I sør er grensa mot Lyngdal og Lindesnes kommunar, og i aust mot Marnardal kommune.

I 1963 vart Konsmo og Grindheim kommunar og delar av Bjelland kommune slegne saman til Audnedal kommune. byd på godt fiske etter laks og sjøaure. Riksveg 460 går i elvedalen. Sørlandsbanen kryssar kommunen og Audnedal stasjon er stoppestad for fjerntog. Vest for stasjonen går banen gjennom Hægebostadtunnelen som er mellom dei lengste jernbanetunnelane i Noreg.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

I 1875 hadde Audnedal etter kommunegrensene av i dag 2159 innbyggjarar, det høgaste talet som er registrert. Innbyggjarrtalet gjekk jamt nedover fram mot den andre verdskrigen. I 1930 låg talet på 1622. Nedgangen hadde mellom anna samanheng med at ei rekkje heiegardar vart for tunge å driva. Minst 50 heiagardar i Audnedal vart avfolka i tida frå 1890 til 1940.

Mange utvandra til Amerika for å finna eit nytt utkome. Over 1200 personar med “Undal” som bustad er registrert som emigrantar berre i åra frå 1877 til 1907. Truleg var det kring 2500 personar frå Audnedalen som reiste over Atlanterhavet for kortare eller lengre lengre tid fram til andre verdskrig.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Frå 1837 til 1843 vart Audnedal formannskapsdistrikt utgjort av Vigmostad, Konsmo, Spangereid og Valle sokn.

I 1844 vart Vigmostad og Konsmo skild ut og danna Nord-Audnedal kommune. Samstundes vart Spangereid og Valle slegne saman til Sør-Audnedal kommune.

Bjelland og Grindheim kommune som var oppretta i 1837, vart delt i 1902 i Bjelland kommune og Grindheim kommune.

I 1910 vart Nord-Audnedal delt i Vigmostad kommune og Konsmo kommune.

I vart så Konsmo kommune slegen saman med Grindheim kommune og litt av Bjelland kommune til Audnedal kommune.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°17′1.6″N 7°21′17.5″E