Audun Garshol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Audun Garshol
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. november 1951 (72 år)
Ulstein kommune
Yrke friidrettsutøvar
Høgd 180 centimeter

Audun Egil Garshol (fødd 9. november 1951) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Hareid som tevla på 100 meter og 200 m. Han vann åtte noregsmeisterskap; fem på rad på 100 meter og tre på 200 meter. Dessutan var han med på ei rekke NM-sigrar i stafettløp. I 1972 vart han tildelt kongepokalen etter norsk rekord på 100 meter med 10,2 sekund. Han var etter rokes medlem av Hareid Idrettslag, IL i BUL og Hamar Idrettslag. Garshol er busett på Hamar, der han arbeider som fysioterapeut.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Garshol sprang i 1969-sesongen seg inn i noregseliten i sprint med 10,8 sekundar på 100 meter. Året etter forbetra han persen til 10,7 og hadde årets beste tid med 10,4 under eit stemne i Fredrikstad, men då i for sterk medvind. I 1971 vart han junior-noregsmeister på 100 m, og tok to bronsemedaljar i NM for senior på høvesvis 100 m og 200 m. På 200 m sette han ny personleg rekord med 21,6 sekundar.

1972-sesongen var Garshol på topp som sprintar. Den 12. august, under noregsmeisterskapen i Stavanger, forbetra han den norske rekorden på 100 m til 10,2 sekundar og sletta dermed den femten år gamle noregsrekorden til Bjørn Nilsen. For denne prestasjonen vart han tildelt kongepokalen. Han sigra ogs på 200-meteren. Sidan i sesongen sette han norske rekordar, målt med elektronisk tidtaking, under OL i München med 10,55 på 100 meter og 21,16 på 200 meter.

Frå 1972 til -77 var Garshol noregs raskaste mann, og vann fem norske meisterskap på rad på 100 m. Han var ikkje like sterk på 200 meter, der han i sine toppår måtte sjå seg slått av Øyvind Røst i 1974 og Johnny Haugen i 1976. Garshol reduserte satsinga på friidrett frå 1977, men makta likevel å vinne to bronsemedaljar i seinare NM. I sine år som aktiv vann han åtte gullmedaljar, to sølv og fire bronsar i NM i friidrett.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1971: Bronse både på 100 m (10,7) og 200 m (21,9)
  • 1972: Gull både på 100 m (10,2) og 200 m (21,4)
  • 1973: Gull både på 100 m (10,4) og 200 m (21,3)
  • 1974: Gull på 100 m (10,7) og sølv på 200 m (21,5)
  • 1975: Gull på 100 m (10,8)
  • 1976: Gull både på 100 m (10,5) og 200 m (22,7)
  • 1980: Bronse på 100 m (11,03)
  • 1981: Bronse på 100 m (10,94)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

friidrett.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott-73
  • Sportsboken, aktuelle årgangar