Augepål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Augepål
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Orden: Torskefisk Gadiformes
Familie: Torskefamilien Gadidae
Underfamilie: Gadinae
Slekt: Trisopterus
Art: Augepål T. esmarkii
Vitskapleg namn
Trisopterus esmarkii
Augepål, augepale
Norske dialektnamn
Øyepål
Namn på andre språk
SvenskVitlinglyra
EngelskNorway pout
TyskStintdorsch
SpanskFaneca noruega
RussiskNorvezjskij bib (Норвежский биб)

Augepål (Trisopterus esmarkii) er ein fiskeart i torskefamilien. Han er ein viktig industrifisk som vert nytta til produksjon av fiskemjøl og olje.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Augepålen inst frå Biscaya og nordover til Island og Barentshavet. Han kan òg gå inn i sørlege delar av Austersjøen. I Noreg er han vanleg langs heile kysten. Augepålen likar seg over mudderbotn frå 50-300 meters djup.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Augepålen kan verte opptil 35 cm lang, men vanlegvis vert han ikkje lenger enn 20 cm. Han har store auge, er underbitt og har ein liten skjeggtråd. Fargen er brunleg på ryggen og kvit på buken. Den mørke sidelinja går i ein boge over brystfinnane. Augepålen har tre ryggfinner, den første har 14-16 blautstråler, den andre 23-26 blautstråler og den tredje har 23-27 blautstråler. Den første gattfinnen har 26-31 blautstråler og den andre 24-30 blautstråler. Ved rota av brystfinnane har augepålen ein mørk flekk.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Augepålen er ei stimfisk som lever benthopelagisk. Han et i hovudsak krepsdyr, men tar òg mindre fisker som kutlingar. Gytinga føregår i perioden januar-juli og hofisken gyt mellom 60 000-380 000 egg.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Pethon, Per (2005). Aschehougs store fiskebok (5 utg.). Oslo. ISBN 82-03-23247-7. 
  • Moen, Frank Emil (2003). Dyreliv i havet - Nordeuropeisk marin fauna (3 utg.). Kristiansund: KOM Forlag. ISBN 82-90823-54-1. 
  • Johnsson, Bror (2006). Fisker (2 utg.). Oslo. ISBN 82-02-25903-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]