August Leopold Crelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
August Leopold Crelle

Fødd17. mars 1780
Wriezen
Død6. oktober 1855
Berlin
NasjonalitetKongedømet Preussen
Områdematematikk
Yrkematematikar, ingeniør
Alma materUniversitetet i Heidelberg
MedlemDet prøyssiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det russiske vitskapsakademiet

August Leopold Crelle (11. mars 17806. oktober 1855) var ein tysk ingeniør og matematikar. Han vart fødd i Eichwerder i nærleiken av Wriezen i Tyskland, og han døydde i Berlin. Han starta Journal für die reine und angewandte Mathematik (òg kjent som Crelles Journal).

Av yrke var Crelle ingeniør, og han var kjent i Tyskland for å ha konstruert jarnbaner og vegar.[1] Han var òg svært interessert i matematikk, og han vart kjent med Niels Henrik Abel då Abel vitja Berlin. Dei to vart etter kvart gode vener, og Abel publiserte ein stor del av artiklane sine i tidsskriftet til Crelle. Crelle jobba lenge for å skaffe Abel ei fast stilling i Berlin, og etter kvart klarte han òg dette. Brevet med den glade meldinga om fast stilling og ei sikker framtid i Berlin nådde fram nokre få dagar etter at Abel døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bekken, 2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • O'Connor, John J., og Edmund F. Robertson: «August Leopold Crelle» - MacTutor History of Mathematics archive.