August Stuckmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
August Stuckmann
Fødd 1. mars 1910
Død

28. mars 1947

August Stuckmann, (1. mars 191028. mars 1947) var ein tysk politimann i Noreg under andre verdskrigen.

Stuckmann var fødd i Lemgo. Han vart tilsett i tysk politi i 1929, og vart send til Noreg i april 1940. Han var først stasjonert i Kristiansand, men kom i juli 1940 til Gestapo ved Victoria Terrasse i Oslo. Frå juli 1941 var han knytt til SipoLillehammer som SS Sturmscharführer og kriminalsekretær. Han var dømd til døden som krigsforbrytar for drap, medverknad til drap og grov tortur i Eidsivating lagmannsrett 15. oktober 1946, og vart avretta på Akershus festning den 28. mars 1947.