August Wilhelm Boesen
Utsjånad
| August Wilhelm Boesen | |
| Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
| Fødd | 12. august 1812 Vigerslev |
| Død |
17. november 1857 (45 år) |
| Yrke | kunstmålar, landskapsmålar |
| Språk | dansk |
| August Wilhelm Boesen på Commons | |

August Wilhelm Boesen (fødd 12. august 1812 i Vigerslev på Fyn, død 17. november 1857 i Bologna) var ein dansk kunstmålar.
Boesen gjekk på Kunstakademiet i København, men slutta utan å fullføre. Dei fyrste arbeida hans var landskapsmålerier frå heimtraktane på Fyn, fleire av desse vert kjøpt av kong Fredrik VII av Danmark.
Boesen var på fleire reiser i Europa, blant anna i Noreg og Sverige. I bokverket Norge fremstillet i Tegninger av Christian Tønsberg frå 1848 er eit litografi av eit av måleria hans frå Drammen.
Boesen gifta seg i 1845 med Mathilde Henriette Sommer (1811-1890), dotter av kjøpmann Hans Jessen Sommer og Christiane Kaasbøll frå Trondheim.