Auguste Herbin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Auguste Herbin

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 29. april 1882
Quiévy
Død

31. januar 1960 (77 år)
Paris

Yrke kunstmålar, designar, biletkunstnar
Auguste Herbin på Commons

Auguste Herbin (29. april 188231. januar 1960) var ein fransk målar som var leiande innan det abstrakte måleriet i fransk kunst.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Herbin var fødd i Quiévy i departementet Nord i Frankrike i 1882. Han slo seg ned i Paris i 1901. Der blei han påverka av kubismen før han gjekk over til heilt abstrakt måleri. Han hadde betydeleg påverknad på den nonfigurative kunsten, bl. a. gjennom den Abstraction-Création, som han grunnlag i 1931 og leia saman med Georges Vantongerloo.

Frå 1917 arbeidde han i ein heilt abstrakt stil som skulle bli kjennemerket hans: kombinasjon av sirklar, trekantar, rektangel m. m.

Herbin fann opp eit «biletalfabet» som låg til grunn for verka hans, og som han brukte til å gje former og farger ein verbal symbolikk. Han skildra alfabetet sitt og fargetonane sine, delvis med grunnlag i Goethe si fargelære, i L'art non-figuratif, non-objectif (1949).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]