Auguste Rodin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Auguste Rodin
Auguste Rodin fotografato da Nadar nel 1891.jpg
Fødd 12. november 1840
Paris
Død

17. november 1917
Meudon

Bronsealderen
Tenkjaren. (Foto teken ved Ny Carlsberg Glyptotek)
Helene von Nostitz er hjå Musée Rodin i Paris.[1]

Auguste Rodin, René François Auguste Rodin (12. november 184017. november 1917), var ein fransk skulptør, og blir rekna som ein av Frankrikes fremste representantar for realistisk skulptur.

Dei første åra[endre | endre wikiteksten]

Auguste Rodin vart fødd i Paris 1840, og voks opp i arbeidarklassa. Han var det andre barnet til Jean-Baptiste Rodin og Marie Cheffer. Rodin interesserte seg for teikning, og som 10-åring tok han sine første teiknetimar.

I 1851, då han var 11 år gamal, vart han send av faren til onkelen sin kostskole. Han vart der i tre år, men då han kom heim hadde han framleis vanskeleg for å lese og skrive. Som 14-åring kom han inn ved ein spesialskole for teikning i Paris. Han jobba mykje, og det var på denne tida han byrja å oppdage skulptøryrket, og forstod at det var det han ville. Derfor gjekk han mykje i museum for å sjå på antikke statuar. Etter kunstskolen søkte han kunstakademiet, men fekk avslag tre gonger.

For å hjelpe familien sin økonomisk, byrja han i 1858 å jobbe med dekorativ kunst. Derfor måtte han jobbe på dagtid for å forsørgje familien, mens han jobba om natta for å fullføre si eiga personlege kunstnariske utvikling.

Då systera hans døydde brått i 1862 bestemde Rodin seg for å verta katolikk og munk. Fader Pierre-Julien Eymard, som var katolsk prest (og som seinare vart heilagkåra), såg at munkelivet ikkje var noko for Rodin. For å få han ut av depresjonane etter systera sin død oppmuntra Eymard han til å teikne og lage skulpturar. Rodin gjekk ut av munkelivet for å verta skulptør.

For å kunne fortsetje å livnære seg som dekorativ skulptør bestemde Rodin seg for å leige ein arbeidsverkstad. Verkstaden var liten og kaldt, men passa måteleg greitt for Rodin.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Han møtte i 1864 kompanjongen sin, kvinna han skulle leve saman med, Rose Beurot. I 1866 fekk dei sonen Auguste Beuret. Men dei gifte seg ikkje i før 29. januar 1917, berre nokre månader før dei begge døydde; Rose 16. februar og Auguste 17. november.

Byster til utstillinger i Paris Salon[endre | endre wikiteksten]

I fritida byrja han å arbeide med ein portrettbyste av fader Eymard. Han bestemde seg for å levere bysten på den årlege utstillinga i Paris Salon, der kunstnarar kunne vise og selje verka sine. Utstillinga var stor, og gjorde ein suksess kunne ein bli kjent over heile landet.

For første gong leigde Rodin ein person til å stå modell for han. Altmoglegmannen Bibi frå nabolaget var ikkje profesjonell. Bibi hadde ein broten nase, og Rodin likte å lage statuar så realistiske som mogeleg. Slik vart portrettbysten «Mannen med den brotne nasen» til. Rodin sende bysten til den årlege Paris Salon-utstillinga, men bysten vart refuserte to gonger. Likevel såg han på den som sitt første hovudarbeid.

Militærteneste[endre | endre wikiteksten]

30 år gammal var Rodin nøydd å gå inn i garden på grunn av den fransk-prøyssiske krigen som starta i 1870. Heldigvis for Rodin vart han raskt dimittert på grunn av nærsyntheita si. Då Rodin kom heim frå felten hadde han ikkje arbeid, men han fekk snart arbeid hos den store kommersielle skulptøren Albert-Ernest Carrier-Belluse, som han hadde arbeidd hos til og frå i mange år.

Rodin og Carrier Belluse fekk eit oppdrag i Brussel med å dekorere ein stor bygning. Han måtte reise frå Rose og sonen deira for å bli der i 6 år. Her fekk han mykje inspirasjon, hadde ein kreativ periode, og heldt si første utstilling, noko som markerte debuten hans som uavhengig skulptør.

Reise til Italia i 1875[endre | endre wikiteksten]

I 1875 reiste han til Italia. Her fekk han inspirasjon til å lage fleire statuar til Paris Salon, og særleg statuane av Michelangelo gjorde sterkt inntrykk og påverka ein stor del av arbeidet hans vidare. Statuane han laga på denne tida viser at han var inspirert av turen til Italia. Likevel var statuane hans meir realistiske enn greske og italienske skulpturar som overdreiv muskulaturen. Den første skulpturen han synte fram av denne typen i Brüssel var «Le Vaincu» (Den overvunne), som den atletiske belgiske soldaten Auguste Neyt stod modell for i atten månader. Rodin var særs nøgd med resultatet, men var ikkje like nøgd med namnet han hadde gjeve statuen. Han vurderte ei tid titlane «L'Homme qui s'éveille à la Nature» («Mennesket stig fram, vaknar opp, frå naturen») og «L'Age d'Arain» («Bronsealderen»). Skulpturen symboliserer oppvakninga av det menneskelege medvitet i tidenes morgon, og det er under dette sistnemnde namnet, «L'Age d'Arain», at skulpturen har vorte kjend[2]. Nokre kritikarar mislikte realismen til skulpturen, nokre trudde til og med at han hadde teke avstøyping av ein levande modell. Nokre kritikarar meinte at det kunne ikkje vere mogeleg for eit menneske å lage ein så realistisk skulptur.[3]

All merksemda han fekk av denne utstillinga gjorde han svært populær. Når han reiste tilbake igjen til Paris i 1877, stilte han ut den same statuen i Paris Salon. No hadde han altså skifta namn på statuen til «Bronsealderen». Kritikarane meinte at statuen var vakker, men stadig for realistisk.

For å spe på inntektene sine byrja Rodin på Sèvres porselensfabrikk. Inntekta var lita. Han tok imot alle oppdrag som skulptøryrket kunne gje. På denne tida laga han ein av dei mest kjende statuane sine, nemleg «Døyparen Johannes» (nr. 3). På grunn av kritikken han hadde fått, laga han den proposjonelt større enn eit menneske. På denne måten kunne dei ikkje tru at han hadde teke avstøyping av ein modell. Likevel var statuen realistisk, forutan overdriven muskulatur.

Etter oppdrag frå den franske kunstministeren[endre | endre wikiteksten]

Helvetesporten i hagen til Musée Rodin i Paris.

Rodin fekk i oppdrag av den franske kunstministeren å lage det første store folkeprosjektet sitt, å lage ein inngangsportal - «Helvetesporten» - for eit kunstmuseum som skulle byggjast i Paris.

Handlinga på denne porten er henta frå Dantes skildring i Divina Commedia av reisa i underverda. Rodin likte Dantes forteljingar svært godt. Fleire av dei mest berømte skulpturane hans som «Tenkjaren», «Kysset» og «Dei Tre Skuggene» kjem frå Helvetesporten. Desse figurane laga han òg uavhengig av «Helvetesporten», og i ulikt format. Mange av statuane vart laga i forskjellige variantar, og slik jobba han spesielt mykje med «Tenkjaren». Han kunne lage same statue av forskjellig materiale. For eksempel laga han «Kysset» både i marmor og bronse. På slutten av 1880-talet kom det fram at museet aldri kunne bli bygt. Likevel fortset Rodin periodevis med dette, fram til han døyr.

Igjennom 1880-åra vart han stadig meir populær, spesielt blant rikfolk, noko som førte til at han fekk mange oppdrag som gjaldt portrettbystar. Ettersom han fekk så mange oppdrag, fekk han fleire menneske til å jobbe for seg, noko folk var ein smule skeptiske til.

Mens Rodin framleis var saman med Rose Beauret, vart 19 år gamle Camille Claudel - studenten, modellen, elskarinna og samarbeidspartnaren hans. Rodin forlét aldri Beauret. Likevel laga Rodin mange statuar av henne, samt, forståeleg nok på denne tida, av forelska par.

Monument for byen Calais[endre | endre wikiteksten]

Figurgruppa Borgarane frå Calais er støypt i fleire eksemplar, og er å sjå på mange museum. Ei avstøyping - "Mannen med nøkkelen" - av ein av figurane frå gruppa er eigd av Oslo kommune og sett opp i nærleiken av Solli plass
Monument frå 1898 over forfattaren Honoré de Balzac (1799-1850) oppsett i hagen til Musée Rodin

I 1884 fekk Rodin oppgåven med å lage eit monument til byen Calais i Frankrike. Bakgrunnen for dette monumentet skulle hentast frå ei dramatisk hending i 1387, medan hundreårskrigen enno raste. Calais ville ha eit monument til 500-årsmarkeringa, der seks leiande innbyggjarar som redda byen sin frå undergang skulle vere avbilda på monumentet. Han brukte fire år på oppgåva, og vart ferdig i 1888. Monumentet fekk tittelen Les Bourgeois de Calais, «Borgarane i Calais».

Han sysla òg med eit anna stort oppdrag: «Monumentet av Honoré de Balzac», som var bestilte av rikfolk i byen. Han hadde eit fotografi å arbeide ut frå, fordi forfattaren Honoré de Balzac hadde vore død i 40 år. Då han var ferdig, presenterte han ein ni fot høg statue, som vart møtt med sjokk og mistru. Sidan publikum ikkje var nøgd, vart honoraret refundert. Rodin vart såra av kritikken. Han var godt nøgd med statuen.

Verdsutstilling[endre | endre wikiteksten]

Ved hundreårsskiftet var Rodin på toppen av karierren sin, og fekk god betaling for verka sine. Rikfolk roste arbeida hans, og gav han ei eiga avdeling på Verdsutstillinga i Paris. Dette gjorde han til ein internasjonalt kjend kunstnar. På denne tida fullførte han mange prosjekt, og når han var som travlast, hadde han 50 personar som arbeidde for seg. Det raste ein del spekulasjonar på grunn av alle assistentane. Folk lurte på kva han gjorde sjølv. På denne tida studerte han dans. Han laga mange skulpturar i spontane rørsler.

Bu- og arbeidsstader (derunder Musée Rodin)[endre | endre wikiteksten]

I 1893 hadde Rodin fått seg bustad og arbeidsstad i la Villa des Brillant i Meudon nokre kilometer utanfor Paris i sørvest, men fekk seinare òg disponere l'hôtel Biron i Paris. Dette var eit gamalt herskapshus (palass) som vart nytta som leigegard frå 1905 i påvente av å få eigedomen selt. Leigebuarar i denne tida var mellom andre forfattaren Jean Cocteau (1889-1963), kunstmålaren Henri Matisse (1869-1954), dansarinna Isadora Duncan (1877-1927), skulptøren Clara Westhoff (1878-1954), ektemaken til Rainer Maria Rilke (1875-1921). I 1908 leigde Rodin fire rom som atelier i fyrste høgda (rez-de chaussée) mot terrassen mot sør. Han såg at hagen på eigedomen var eit villniss, og tok til å nytte hagen til å sette opp nokre av sine eigne verk og noka av si eiga samling av antikvitetar. Frå 1911 disponerte han heile l'hôtel Biron åleine. I 1912 overtok staten eigedomen. Rodin hadde inngått ein avtale med staten om at når han døydde skulle staten få arbeida hans, og gjere eigedomen om til eit museum der verka hans skulle vere. Til gjengjeld skulle Rodin få lov til å bu der heilt til han døydde. Muséet finst den dagen i dag, og heiter Musée Rodin. Villa des Brillant i Meudon er òg vorte museum, og inngår i Musée Rodin.

Rodin døydde 17. november 1917 i Meudon, der han er jordfesta. På grava hans står statuen Tenkjaren.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Portrettbyste av Fader Eymard - 1863
  • Mannen med den brotne nasen - 1864
  • Bronsealderen - 1875/1876
  • Døyparen Johannes - 1878
  • Tenkjaren - 1880
  • Helvetesporten - 1880-1917
  • Eva - 1881
  • De Tre Skuggane - 1881
  • Borgararne frå[4] Calais eller Borgarane i Calais - 1884 (eller 1884-1886)
  • Fugit amor - 1884
  • Kristus og Magdalena - 1894
  • Monumentet av Honore De Balzac - 1897
  • Kysset - 1898
  • Paola og Francesca - 1905
  • Byste av Helene von Nostitz - 1907
  • Monumentet av Victor Hugo - 1909
  • Torso av ei ung dame -1909
  • Dansestudier - 1910

Verk i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Skulpturen i Oslo frå gruppa Borgarane i Calais har fått namnet «Mannen med nøkkelen» (eigenleg namn: Jean d'Aire)
Foto: Helge Høifødt

Mannen med nøkkelen er ei avstøyping av ein av figurane i figurgruppa «Borgarane i Calais» (1884-86) som kunstmålaren Frits Thaulow gav til Oslo kommune i 1902. Skulpturen har fått sin plass i Oslo, Henrik Ibsens gate og Sommerrogata i nærleiken av Solli plass, på eit grøntområde kalla Sommerroparken. I samband med at skulpturen vart teke ned for reinsing, vøling og gjenoppsetjing på same plassen, vart han med på utstillinga «Det felles eide» på Kunstnernes Hus i Oslo frå 2. mars til 29. april 2018 av utvalde verk frå Oslo kommunes kunstsamling[5][6][7].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.musee-rodin.fr/en/collections/sculptures/helene-von-nostitz
  2. Jianou, Ionel. 1980. Rodin, Paris: Arted, Ediotions d'Art. ISBN 2-85067-061-8. Sidene 44-47
  3. Denne striden er omtalt av Ionel Jianou (1980:47): «Ne pouvant comprendre commont il avait réussi à donner à sa statue un aspect tellement vivant, ses adversaires essayèrent de le compromettre en insinuant qu'il avait moulé les differentes parties de la figure directement sur le corps du modèle. Ce procédé, reprouvé par les artistes, était une falisification qui eût enlevé tout mérite à l'ouvrage de Rodin» (Motstandarane hans, som ikkje kunne skjøne korleis han hadde lukkast i å gje statuen ein slik levande utsjånad, freista å kompromittere han med å insinuere at han hadde støypt dei ulike partia direkt på kroppen til modellen. Denne framgangsmåten, fordømd av kunstnarane, var ei forfalsking som fjerna all verde ved Rodins verk.)
  4. https://snl.no/Borgerne_fra_Calais
  5. https://www.dagsavisen.no/kultur/det-er-var-kunst-i-var-1.1109037#carousel-example-generic "Kommunalt eid kunst i Kunstnernes Hus: Auguste Rodins skulptur «Mannen med nøkkelen» (1884-86), ..."
  6. http://www.mynewsdesk.com/no/kulturetaten/pressreleases/rodin-monument-skadet-av-forurensning-1152892
  7. https://www.nrk.no/ostlandssendingen/_mannen-med-nokkelen_-demonteres-1.12344423

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Auguste Rodin
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!