Augustin av Hippo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Augustin av Hippo. Mosaikk i Laterankyrkja frå 500-talet.

Augustin av Hippo (13. november 35428. august 430) var ein nordafrikansk geistleg og teolog. Han var biskop av Hippo og ein av dei største teologane i Oldkyrkja. Augustin vert rekna som ein av dei vestlege kyrkjelærarane, er helgen i katolsk og ortodoks kristendom, og har ei viktig stilling innan protestantisk kristendom.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Augustin vart fødd som Aurelius Augustinus i byen Tagaste i den romerske provinsen Numidia, den noverande Souk-Arrhas i Algerie. Han vart fødd etter keisar Konstantin si omvending, i ei tid der Nord-Afrika fekk eit stadig sterkare innslag av gresk kristen kultur, medan den latinske kulturen vart veikt. Kyrkja i området var prega av splittingar.

Heilage Augustin og heilage Monika måla av Ary Scheffer (1795–1858)

Far hans, Patricius, var romersk borgar og tjenestemann med godt rykte. Mora, Monika, var kristen, medan faren var heidning, men lét seg døype kort tid før han døydde. Mora fekk ikkje døypt den vesle guten, men sørgde frå tidleg av for at han fekk undervising om kristendomen. Då Augustin som ung gut vart alvorleg sjuk bad han om å verte døypt, men han friskna til før det vart gjort og utsette det difor. Dette var ikkje uvanleg på den tida, då ein ynskte å vente så lenge som mogleg med å la seg døype i frykt for å begå synder etter dåpen.

Faren var streng, og han var aldri verkeleg fortruleg verken med Monika eller Augustin. Men han bidrog til å forme guten, då han lærde han å beundre dei latinske klassikarane, noko som seinare skulle verte til stor nytte i forfattarskapen hans. Kjennskapane hans til gresk vart endå avgrensa. Monika, som i katolsk tradisjon sest som eit bilete på ei perfekt mor, tydde svært mykje for Augustin og syskena hans – vi er kjende med ein bror, Navigius, og ei syster som døydde som vigsla jomfru, ei tidleg form for ordensliv.

Augustin fekk utdanninga si først i Tagaste og deretter i Madaura. I 370 vart han så sendt til Kartago for å fullføre utdanninga, og tok raskt ei leiande rolle på retorikkskulen. Med eit ønske om å verte jurist studerte han retorikk frå 372 til 375, men ved slutten av studiet valde han i staden å vie seg til undervising. Han underviste i retorikk frå 375, og dreiv sine eigne skular i retorikk og grammatikk i ni år.

Etter å ha lese boka Hortensis av Ciceroar vart Augustin interessert i filosofi (boka er seinare gått tapt). Han studerte blant anna verka til Platon, og frå 373 og fleire år framover var han og venen Honoratus tiltrukne av manikeismen, ei kristen sekt som meinte at den åndelege verda var skapt av Gud medan den materielle verda var skapt av Den vonde. Augustin forkasta det meste av den trua mora hans hadde lært han om, men fann heller ikkje fred i manikeismen.

I sin Confessiones skriv Augustin: «I dei åra hadde eg ei kvinne som eg levde saman med, men ikkje i det ein kallar lovleg ekteskap. Ho var vorten byte for min ustadige og uoverlagte lidenskap. Men eg hadde då berre denne eine, og mot henne var eg trufast som mot ein ektefelle. I samlivet med henne skulle eg så menn få lære ved eiga røynsle kva det er for ein skilnad på eit ekteskap som er stifta med tanke på å få born, og ein kjærleiksforbindelse som berre skal tilfredsstille eins eigen lyst, slik at dei borna som vert ikkje er fødde etter eige ønske, sjølv om ein er nøydde til å elske dei når dei først er komne.»

Virke i Italia[endre | endre wikiteksten]

Augustin underviser i Roma. Freske frå 1464-65 i kyrkja Sant'Agostino i San Gimignano.

I 383 drog Augustin mot mora sin vilje til Roma for å opne ein retorikkskole. Monika følgde etter han og busette seg i Roma ho òg. Augustin vart nedslegen av elevane sine, som hadde ein tendens til å stadig skifte lærarar for å snyte dei for honoraret. I 384 tok han difor imot eit tilbod om å verte professor i retorikk i Mediolanum (Milano); Monika vart med han dit òg. Her vart Augustin sterkt påverka av nyplatonismen, og dette vart for han ein veg tilbake til kristendomen til mora. Heile virket hans som teolog er prega av kombinasjonen av kristen og nyplatonsk tankegang, og det er i stor grad takka vere Augustin at Platons tankar vart med inn i mellomalderen, medan andre filosofar vart gløymde.

Under ein samtale med den manikeiske biskopen Faustus, fekk Augustins tiltrekning til den retninga innan kristendomen nådestøytet. Han vart i staden sterkt påverka av preikene til Ambrosius av Milano, som var ein forsvarar av det nikenske ortodoksiet. Ambrosius, som hadde svært god kjennskap til gresk, vart for Augustin òg ei kjelde til kunnskap om austleg teologi.

Han vart sliten mellom det å gifte seg og det å vie livet sitt til Gud. Etter ønsket til mora valde han å gifte seg, og gjekk difor frå kvinna han hadde levd saman med; sjølv om sambourforhald var akseptert av mange, kunne ein ikkje gifte seg etter eit slikt tilhøve. Sonen vart hos faren, medan Floria vende tilbake til Nord-Afrika. Men ting gjekk ikkje etter planen, då Augustin i staden for å finne ei kone innleidde eit tilhøve til ei anna kvinne.

Tolle, lege; omvendinga til Augustin.

Det gjorde eit djupt inntrykk på han då den nyplatonske professoren Viktorinus konverterte til kristendomen. Kort tid etter dette, i september 386, kom nordafrikanaren Pontitian for å vitje Augustin, og då han så at ei utgåve av Paulus' brev låg på bordet nytta han høvet til å fortelje om livet til Antonius den store. Augustin vart igjen tiltrukken av tanken på eit liv vigd til Gud, og gjekk ut i hagen. Han fortel sjølv i eit av verka sine at han tagg og bad om rettleiing frå Gud, og at det var som om han høyrde eit barn rope «Tolle lege! Tolle lege!» ('Plukk opp og les'). Han gjekk inn att og slo opp på ein tilfeldig stad i Paulus' brev, og fann då Romarbrevet 13, 12-14: «Natta er snart slutt, dagen er nær. La oss då leggje av gjerningane til mørket og ta på oss våpna til ljoset. La oss leve sømmelige som ved høglys dag; ikkje i festing og fyll, hor og utskeiingar, i strid og misunnelse. Men kle dykk i Herren Jesus Kristus, og ver ikkje så opptekne av kroppen at det vert vekt attrå». Venen hans Alypsius, som òg var der under besøket til Pontitian, las vidare i vers 15: «Gje plass òg for dei som ikkje har den fulle krafta til trua, og utan å gje deg av med å diskutere meiningane deira.» Dette følte han passa på han sjølv, og begge tok ei avgjerd om å verte prestar. Dei fortalde det til Monika, og sjølv om ho hadde ynskt at sonen skulle gifte seg, vart ho henrykt.

Vigsla liv[endre | endre wikiteksten]

Augustin avslutta tilhøvet til si nye konkubine, og braut trulovinga med ei kvinne han hadde tenkt på å gifte seg med. Han la òg ned arbeidet sitt som lærar, og trekte seg tilbake på landet utanfor Milano for å førebu seg på dåpen. Der budde han saman med Monika, broren Navigius, den no 15-årige sonen Adeodatus, Alypsius og andre venner. Dei danna eit kristent fellesskap, og dreiv felles studium. Det var samtalane i dei sju månadene dei budde i dette fellesskapet som vart grunnlaget for Augustin sine tre dialogar Mot akademikarane, Om det lukkelege livet og Om orden.

Han vart førebudd for dåpen av Simplician av Milano, og saman med Alypsius og Adeodatus vart han døypt påskenatten (25. april) 387, 32 år gammal. Han ville deretter vende tilbake til Nord-Afrika, og på vegen møtte han mora si i Ostia utanfor Roma. Dei hadde ein samtale som han sidan kalla «Visjonen i Ostia», om dei saliges evige liv. Fem dagar etter dette vart Monika plutseleg sjuk, og ho døydde i Ostia i november 387. Ho vart gravlagd i Ostia, men er sidan flytt til kyrkja som ber namna til sonen, Sant'Agostino, i Roma.

I staden for å dra til Nord-Afrika vende Augustin tilbake til Roma, og først i september 388 drog han saman med Alypsius og Adeodatus til Tagaste. Sonen døydde året etter, berre 17 år gammal. Augustin selde då farsarven sin, og gav pengane til dei fattige. Han hadde òg ein gard han hadde arva etter mora si, og der grunnla han eit slags klostersamfunn, med tanke på å vere resten av livet der.

Prest[endre | endre wikiteksten]

Augustin ville vie livet sitt til Gud, men ynskt ikkje å verte prest. Men visdomen og fromskapen hans vart kjend, og mange kom til han for å få råd. Han hadde òg markert seg som ein dugeleg teolog gjennom sine mange religiøse og filosofiske skriftar. Ein av dei som høyrde om han var biskop Valerius av Hippo (eigenleg Hippo Regius, i dag Annaba i Algerie). Han sørgde for å få prestevigd Augustin i 391, og gjorde han til assistenten sin. Augustin måtte dermed flytte frå Tagaste, og etablerte i tilknyting til kyrkja i Hippo eit klostersamfunn av same type som i fødebyen.

Frå 392 verkte han som predikant, og han gjekk blant anna hardt ut mot manikeismen og ei ny rørsle, donatismen. I desember 393 deltok han på eit viktig regionalt konsil, og han fekk gjennomført fleire lokale forandringar som styrkte den kyrkjelege disiplinen.

Biskop[endre | endre wikiteksten]

Biskop Augustin

I 395 vart Augustin bispevigd og utnemnd til hjelpebiskop for Valerius. Etter at denne døydde i 396 vart han så valt til etterfølgjar som biskop av Hippo. Han grunnla eit slags ordenssamfunn i bisperesidensen, og skreiv ein klosterregel som er grunnlag for Augustins regel slik han kjenst i dag. Ved sida av Benedikts regel utgjer den mykje av grunnlaget for det vestlege klostervesenet.

Augustin verkte som biskop i 34 år, og vert rekna som ein av dei meste betydelege biskopane i nordafrikansk historie. Blant anna forsvarte han kyrkja mot ei lang rekkje påstått kjetterske rørsler, han heldt ei rekkje synodar og deltok på minst seks regionale konsil, og han heldt fram virket sitt som forfattar. 113 bøker, 218 brev og meir enn 500 preiker har overlevd. Då keisar Honorius innførde strenge straffer mot donatistene gjekk Augustin mot dette; han aksepterte etter kvart at keisaren greip inn, men gjekk ikkje med på dødsstraff, og i 411 bidrog han sterkt til å samle dei to partane gjennom ein konferanse i Kartago.

I 413 byrja han på det sjølvbiografiske verket Bekjennelser (Confessiones), som var ferdig i 426. Dette er eitt av hovudverka hans, saman med [[Gudsstaten (De civitate Dei).

'Augustin døyr' (1465). Freske måla av Gozzoli i kyrkja S'Agosto i Gimignano.

Den siste store verken hans, Tilbakekallinger (Retractiones), vart skrive i 425, då han var 72 år gammal. Det er eit verk der han, med innsikta som gammal mann, går gjennom sine tidlegare verk og korrigerer feil i dei.

I mai 430 vart området rundt Hippo invadert av vandalane under Geiserik. Dei kringsette byen i 14 månader; Augustin sjølv levde ikkje lenge nok til å oppleve slutten på kringsetjinga, som var ei stor sorg for han. 28. august 430 sovna han stille inn etter å ha lege med feber i nokre dagar.

Helgen[endre | endre wikiteksten]

Skulptur av St. Augustin i Rybnik i Polen.

Augustin vart rekna som helgen straks etter at han døydde. I 496 braka kristne flyktningar frå Hippo relikviane hans til Sardinia. I 723 vart dei frakta vidare til Pavia av langobardkongen Liutprand. Dei vart bisette i kyrkja San Pietro in Ciel d'Oro, og 1300-talet vart det reist eit vent gravmonument i kvit marmor der. Ein del av relikivane hans vart tekne til Hippo i 1842.

Helgenkulten hans spreidde seg raskt. På 700-talet vart festen hans feira i Roma. Saman med Ambrosius, Gregor I den store og Hieronymus er han rekna som ein av dei vestlege kyrkjelærarane, og har tilnamnet Nådelæraren (Doctor gratiae). Han blir rekna som helgen for teologar, boktrykkarar, ølbryggarar og for gode auge. Symbol for Augustin er hjarte gjennombora av pil, biskopelege klede, bok og penn.

Minnedagen er i vestkyrkja 28. august, dødsdagen hans. I austkyrkja har han minnedag den 15. juni. Sjølv om han levde lengje før det store skismaet høyrer verkaog teologien hans klårt heime i den vestlege tradisjonen, og gjennomslagskrafta hans i aust har aldri vore stor.

Regelen han skreiv for eit kloster i Hippo har vorte brukt av mange ordenar og kongregasjonar. Det er to ordenar som vert rekna som augustinarar i eigenleg forstand: Augustinarkorherrane og Augustinareremittane.

Teologi[endre | endre wikiteksten]

Dogmet om arvesynden er eit resultat av Augustin sine tankar om menneskenaturen. Dette fekk under reformasjonen stor tyding, fordi syna hans på denne naturen var, noko forenkla, dystrare enn dei offisielle syna til den katolske kyrkja. Han meinte at mennesket etter syndefallet av natur er ute av stand til å vilje «det gode», og at det berre er Guds kjærleik som kan vekke viljen til mennesket og evne til å gjere «det gode». Reformatorane (i Confessio Augustana) og Den katolske kyrkja (i Confutatio pontificia) målbar ulike syn på arvesynden i Augsburg (1530). Dette la grunnlag for hard strid òg om rettferdiggjering, og ein kom ikkje til semje.

Augustin utforma òg predestinasjonslæra, som seier at Gud ein gong for alle har valt visse menneske til evig saligheit og andre til evig fortaping. Pessismismen hans leidde òg til tanken om at udøypte born som døydde gjekk fortapt. Dette var òg ei lære som einskilde reformatorar tok til seg, særleg Jean Calvin.

Augustin si utlegning av læra om Den heilage treeininga har tydd mykje for den seinare forståinga av treeininga.

Illustrasjon til Cité de Dieu, ei fransk omsetjing av De civitate Dei.

I De doctrina christiana (Om kristen opplæring) tek Augustin utgangspunkt i den klassiske latinske retorikken og utviklar ein ny, særprega form for kristen retorikk. I verket utviklar og integrerer han ein eigen teori om teikn i språkteorien, noko som har gjeve han ny aktualitet for moderne språkfilosofer.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

  • De trinitate (412)
  • Retractiones (425) (Tilbakekallinger)
  • Confessiones (426) (Bekjennelser)
  • De civitate Dei (427) (Gudsstaten)
  • De doctrina christiana (427) (Om kristen opplæring)
  • Confessiones (Samlaget 2009: første komplette utgåve på norsk)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Augustin av Hippo