Hopp til innhald

Auld Lang Syne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Auld Lang Syne framført av Frank C. Stanley i 1910
Instrumentalversjon av United States Navy Band.
Auld Lang Syne framført av Les Deux Love Orchestra.

«Auld Lang Syne» (engelsk «Times gone by») er ein av dei best kjende songane i engelsktalande land. Melodien er ein skotsk ballade og teksten er dikta av Robert Burns i 1788. Burns tok utgangspunkt i omkvedet frå ein skotsk folkesong, vølte på omkvedet og la til tre mellomvers.

Det er i engelsksspråklege land ein fast skikk å synge denne songen kvar nyttårsaftan ved inngangen til det nye året. Skikken er særleg utbreidd i Skottland, der songen ofte vert bruka som avskils- eller oppbrotssong. «Auld lang syne» vert då òg rekna som Skottland sin nasjonalsalme.

Illustrasjon til diktet frå rundt 1841 av John Masey Wright og John Rogers.

Should auld acquaintance be forgot, and never brought to mind?
Should auld acquaintance be forgot, and days of auld lang syne?
And days of auld lang syne, my dear, and days of auld lang syne.
Should auld acquaintance be forgot, and days of auld lang syne?

We twa hae run aboot the braes, and pu'd the gowans fine.
We've wandered mony a weary foot, sin' auld lang syne.
Sin' auld lang syne, my dear, sin' auld lang syne,
We've wandered mony a weary foot, sin' auld lang syne.

We twa hae paidl'd i' the burn, frae morning sun till dine,
But seas between us braid hae roared, sin' auld lang syne.
Sin' auld lang syne, my dear, sin' auld lang syne.
But seas between us braid hae roared, sin' auld lang syne.

And ther's a hand, my trusty fiere, and gie's a hand o' thine!
We'll tak' a cup o' kindness yet, for auld lang syne.
For auld lang syne, my dear, for auld lang syne,
We'll tak' a cup o' kindness yet, for auld lang syne.

Den fyrste til å setje «Auld Lang Syne» om til nynorsk, var Olav Nygard som laga «Gamal tid» i 1923. Gjendiktinga byrjar slik:

Skal gamal kjennskap vere gløymd
og aldri vakne i?
Skal gamal kjennskap vere gløymd
og gamal tid?

Hartvig Kiran laga så den gjendiktinga som er mest brukt. Kiran brukte songen som innleiing til den faste programposten sin Ønskediktet i NRK Radio. I tillegg vart songen nytta som opningssong til det populære fjernsynsprogrammet Syng med oss.

Skal gamalt venskap kverva bort
Og ikkje setja far
Skal gamalt venskap kverva bort
Og det som ein gong var

Ei tredje gjendikting kom frå Johannes Gjerdåker i «Skal gamal kjennskap vera gløymd». Gjendiktinga vart prenta i 1996 i hans fyrste bok med gjendiktingar av Robert Burns:

Skal gamal kjennskap vera gløymd
og aldri meir få svar?
Skal gamal kjennskap vera gløymd
og alt som ein gong var?

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikisource

Teksten til Auld Lang Syne ved Wikisource (en).