Aura å

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aura å
elv
none  Aura å renn gjennom sentrum av Åbo
Aura å renn gjennom sentrum av Åbo
Land Flag of Finland.svg Finland
Renn gjennom Åbo
Lengd 70 km
Nedslagsfelt 885 km²
Middelvassføring /s
Kjelde Oripää
Munning Skjergardshavet
Wikimedia Commons: Aura River

Aura å (finsk Aurajoki) er ei elv i sørvestlege delar av Finland. Ho har sitt utspring ved tettstaden Oripää, og renn gjennom Pöytis, Aura og Lundo før ho munnar ut i Skjergardshavet ved byen Åbo (Turku). Den totale lengda til elva er 70 km, og ho inneheld elleve fossar. Den største fossen er Nautelafossen ved Lundo. Drikkevatnet til Åbo vert henta frå Aura å, og vassverket i byen ligg ved Hallis foss.

Ordet «Aura» kjem frå eit gamalt svensk ord for elv, men vert no omsett som «stryk». Elva ligg i eit jordbruksområde og er gjørmete på grunn av overflatevatn som renn frå gardar i nærleiken med eutrofiering som den største trugselen. Forholda i elva har betra seg sidan 1970-åra, og Aure å er no rein nok til at det finst laks i elva.

Elvebreidda har vore busett sidan minst 6000 år sidan. Erkebispedøme i Finland har halde til nær elva sidan 1200-talet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]