Aurdalen i Aure kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aurdalen er ein dal i Aure kommune som går i aust-nordaustleg retning frå Aure sentrum. Aurelva renn gjennom dalen. Det er veg frå Aure sentrum til Sølømen, med ei lengd på 8,5 km. Sør for Sølømen ligg Steingeitvatnet. Det går ein sideveg frå Aurdalsvegen til Tverrbotnsetra, nedom Vågsskardet. Det ligg fleire gardar oppetter Aurdalen, mange av dei bureisingsbruk.