Aurland II kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°48′17.24″N 7°22′5.7″E

Aurland II kraftverk
Aurland II kraftverk.JPG
Aurland II kraftverk
Foto: PeltonMan
Opna i1983
StadAurland, Sogn og Fjordane
Maskininstallasjon135 MW
Største utnytta fallhøgd110 / 480 m
Magasinkapasitet407 GWh

Aurland II kraftverk er eit vasskraftverk i Stonndalen i Aurland kommune i Sogn og Fjordane.

Kraftverket vart opna i 1983 og utnyttar to ulike fallhøgder og vatn som har vore brukt i Aurland III kraftverk.

Aurland II L - To francisturbinar kvar på 31,5 MW utnyttar eit fall på 110 meter frå Versterdalsvatn og Vetlebotnvatn. Tilsig til desse turbinane er på 560 millionar m3 og nedslagsfeltet er på 333 km2. Midlare årsproduksjon er på 189 GWh. Lengda på driftstunnelen er på 9,8 km. Magasinkapasiteten er på 10 millionar m3.

Aurland II H - Ein francisturbin på 72 MW får vatn frå magasine i Berdalsvatn, Store Vargevatn, Svartevatn, Langavatn, Katlavatn, alle i fjellet. Fallhøgda er 480 meter, nedslagsfelt 92 km2, tilsig 111 millionar m3 og den midlare årsproduksjonen er på 218 GWh. Magasinkapasiteten er på 189 millionar m3.

Etter å ha vorte brukt til kraftproduksjon i Aurland II vert vatne leida gjennom en tunnell til Viddalsvatnet og vidare til Aurland kraftverk.

Anlegget er eigd og vert drive av E-Co Energi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]