Aurlandselvi

Koordinatar: 60°52′49″N 7°20′57″E / 60.88028°N 7.34917°E / 60.88028; 7.34917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aurlandselva)

60°52′49″N 7°20′57″E / 60.88028°N 7.34917°E / 60.88028; 7.34917

Vestre enden av Vassbygdevatnet. Vatnet er ein del av Aurlandsvassdraget.
Foto: Arno van den Tillaart
Aurlandselvi

Aurlandselvi er ei elv i Aurlandsdalen som munnar ut i Aurlandsfjorden ved Aurlandsvangen. Elva er lakse- og sjøaureførande 6,7 km opp til Vassbygdevatnet og vidare om lag 6 km oppover Aurlandsdalen. Sjøauren i elva er kjend for høg gjennomsnittsvekt og er attraktiv blant sportsfiskarar.

Aurlandselvi har eit nedbørfelt på 773 km², og store delar av feltet er høgfjell. Gjennomsnittleg årleg vassføring ved sjøen er 40 m³/s. Vassdraget har vore regulert sidan 1973, men ein reknar med at reguleringa påverka fangsten av laks og sjøaure frå 1977. Etter ein mellomperiode frå 1977 til 1982, vart vassdraget rekna som fullregulert frå 1983. Vangen kraftstasjon vart sett i drift i 1980. Ved gjennomsnittleg vassføring er det produktive elvearealet no rekna til 260 000 m² i Aurlandselvi og 130 000 m² i Vassbygdelva, totalt 390 000 m², noko som er 25 % mindre enn arealet før reguleringa.

Det har vore gjennomført fiskeundersøkingar i vassdraget årleg sidan 1989. Etter ein gjennomgang av resultata frå perioden 1989–1999 vart det konkludert med at låg temperatur i perioden då laksen sym oppover elva er ein flaskehals for denne arten i vassdraget. Det vart også konkludert med at den konsesjonspålagde utsetjinga av 30 000 auresmolt årleg sidan 1979 har bidrege lite eller ingenting til bestanden av vaksen sjøaure i vassdraget. Dette resultatet er i samsvar med erfaringane frå utsetjing av anleggsprodusert auresmolt i andre vassdrag, der det også har vore svært låg gjenfangst. I konsesjonen er det også pålegg om årleg utsetjing av 10 000 laksesmolt. Pålegget vart ikkje oppfylt mange av åra grunna vanskar med å fange stamfisk, og fordi produksjonsvilkåra i klekkeriet ikkje var gode nok for denne arten på grunn av låg temperatur. Etter 1999 har det ikkje vore sett ut aure- eller laksesmolt i vassdraget, men det vart sett ut 55 000 sommargamle setjefisk av aure i Vassbygdvatnet i 2001. I 1999 og 2000 vart det samla inn presmolt av laks med elektrisk fiskeapparat i vassdraget og desse vart fôra fram til stamlaks. Etter stryking vart det grave ned augerogn i Vassbygdelva for å byggje opp ein laksebestand i denne delen av vassdraget der temperturvilkåra for rekruttering av laks er betre enn i Aurlandselvi.

Fiskeundersøkingar er vortne gjennomførte årleg i Aurlandsvassdraget av Norsk institutt for naturforskning (NINA) i perioden 1989–1994, og frå 1995 av Rådgivende Biologer AS. Undersøkingsprogrammet har omfatta kartlegging av ungfisk på eit fast stasjonsnett ved elektrofiske, registrering av gytebestanden ved gytefiskteljingar, analyse av skjelprøvar av vaksen fisk fanga i fiskesesongen, og fangststatistikk. I 2001 vart programmet utvida til å omfatte undersøkingar av tal og tidspunkt for utvandring av laks- og auresmolt. Frå 2002 til 2006 vart det gjort parallelle undersøkingar i naboelva i Flåm som referanse til studiane i Aurlandsvassdraget. Ved full elv er det anadrome elvearealet i Aurlandsvassdraget rekna til å vere til 390 000 m², og arealet i Flåmselva 115 000 m², ein skilnad på 3,4 gonger.