Aurlandskoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aurlandskoen er ein tradisjonsrik, mokasin-liknande sko i naturfarga eller svart lêr. Nils Tveranger starta produksjon på 1800-talet etter å ha henta inspirasjon frå indianske mokasiner i USA. Skoen vart tidlegare produsert ved fleire skoverkstader i Aurland. På det meste, på 1950- og 60-talet, vart det produsert 30-40 000 par pr. år. I dag vert det produsert 3-4000 par ved den einaste attverande fabrikken, Aurland Skofabrikk.