Aursøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 63°52′10.906″N 8°38′11.548″E

Mausund med brua til Aursøya i framgrunnen.

Aursøya (eller Aursøy) utgjer saman med Måøya, Gårdsøya, og Geitøya øygruppa Mausund i Frøya kommune i Trøndelag.

Aursøyan består av Litle Aursøya og Storaursøya, men øyane vert i daglegtale omtalt som «Aursøya». Litle- og Storaursøya er knytt saman med bru. Litle Aursøya er knytt saman med Måøya via «Aursøybrua» som opna i 1979.