Ausan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Krigen Saba under Karib’il Watar I av Saba førte rundt 685 f.Kr.) mot Ausan.
Ausan under Qataban på i 1. hundreåret e.Kr.

Ausan (gammalsørarabisk ʾws1n Aus1ān) var eit kongerike i noverande Jemen som fanst på 700-talet f.Kr. Ausan er det sørarabiske oldtidsriket ein veit minst om. Det låg i det sørlege Jemen, nordaust for Aden. Nøyaktig kvar hovudstaden Miswar låg er ukjend.

Rundt 700 f.Kr. erobra kongeriket Qataban og den vestlege delen av Hadramaut. Dette gjorde at Ausan fekk kontroll over store delar av den jemenittiske kysten, og kunne driva maritim handel. Seinare fekk det kontroll over hamnebyen Tafid, som låg på staden Aden no ligg.

Under regjeringstida til Karib’il Watar I av Saba, kring 685 f.Kr., kom Ausan i konflikt med det stadig mektigare Saba. Med støtte frå Qataban, Hadramaut og bystatane Haram og Kaminahu førte Saba fleire hærtog der Ausan til slutt blei erobra. Ausan og vasallstatane Kahad, Dahas og Tubanaw blei underlagde Qataban. Ein trur at Ausan først kunne gjennoppstå som rike i det 1. hundreåret f.Kr. Seinare blei det truleg erobra av [Himyar].

Kongar av Ausan[endre | endre wikiteksten]

Denne lista følgjer Kenneth A. Kitchen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kitchen 1994

Litteraturliste[endre | endre wikiteksten]

  • Kenneth A. Kitchen: The World of Ancient Arabia Series. Documentation for Ancient Arabia. Part I. Chronological Framework & Historical Sources. Liverpool, 1994
  • Walter W. Müller: Skizze der Geschichte Altsüdarabiens. I: Werner Daum (Hrsg.): Jemen. Pinguin-Verlag, Innsbruck 1987, ISBN 3-7016-2251-6, s. 50-56