Hopp til innhald

Dei austlege Alpane

Koordinatar: 46°35′N 12°14′E / 46.583°N 12.233°E / 46.583; 12.233
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aust-Alpane)
Dei austlege Alpane
Fjellkjede
Piz Bernina (i midten til venstre) med Biancograt til venstre, Piz Scerscen (i midten til høgre) og Piz Roseg (høgre), sett frå Piz Corvatsch
Foto: Daniel Schwen
Land  Sveits,  Austerrike  Liechtenstein,  Tyskland  Italia,  Slovenia
Del av Alpane
Grensar til Wienerwald
Høgaste punkt Piz Bernina
 •  høgd 4 049 moh.
 - koordinatar 46°22′56.6″N 9°54′29.2″E / 46.382389°N 9.908111°E / 46.382389; 9.908111
Kart
Dei austlege Alpane
47°N 12°E / 47°N 12°E / 47; 12
Wikimedia Commons: Eastern Alps

Dei austlege Alpane er den austlege halvdelen av Alpane og vanlegvis vert grensa rekna for gå aust for Splügenpasset aust i Sveits. Nord for Splügenpasset dannar dei øvste delane av Rhinen grensa og sør for passet er det elva Liro og Comosjøen.

Dei austlege Alpane inneheld delar av Sveits, det meste av Austerrike og Liechtenstein, i tillegg til sørlege delar av Tyskland, nordlege område i Italia og Slovenia. Den austlege grensa er Wienerwald og Wien-bekkenet, som er ei overgangssone til Karpatane.

Dei austlege Alpane vert vanlegvis igjen delt inn i fleire mindre område, som kvar er ein del av Dei nordlege kalksteinsalpane, Dei sentrale Alpane og Dei sørlege kalksteinsalpane.

Det høgaste fjellet i Dei austlege alpane er Piz Bernina (4 049 m) i Sveits. Bortsett frå andre toppar i Berninakjede er det nest høgaste fjellet Ortler (3 905 m) i Italia og Sør-Tyrol og så Großglockner (3 798 m) i Austerrike.

Under Weichsel-istida var Dei austlege Alpane tørrare enn Dei vestlege Alpane og det kontinuerlege isdekket enda ved Niedere Tauern i Austerrike. Dette gjorde at fleire artar klarte å overleve istida i Dei austlege Alpane, som ikkje overlevde andre stader. Dermed finn ein mange endemiske planter i Dei austlege Alpane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

46°35′N 12°14′E / 46.583°N 12.233°E / 46.583; 12.233