Aust-Aserbajdsjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aust-Aserbajdsjan
استان آذربایجان شرقی
Provins
Aghaweye Forests.jpg
Land Flag of Iran.svg Iran
Region Region 3
Fylke 21
Hovudstad Tabriz
Areal 45 650 km²
Folketal 3 724 620 (2011) [1]
Folketettleik 82 / km²

Aust-Aserbajdsjan
38°4′36″ N 46°16′48″ E
Wikimedia Commons: East Azerbaijan Province

Aust-Aserbajdsjan (farsi استان آذربایجان شرقی, Āzarbāijān-e Sharqi) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg i Iransk Aserbajdsjan, ved grensa til Armenia, Aserbajdsjan, Ardabil-provinsen, Vest-Aserbajdsjan og Zanjan-provinsen. Hovudstaden i Aust-Aserbajdsjan er Tabriz og provinsen ligg i region 3 i Iran.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Provinsen dekkjer eit areal på kring 47 830 km² og har kring fire millionar innbyggjarar. Provinsen deler grense med republikken Aserbajdsjan, Armenia og Nakhitsjevan i nord, Vest-Aserbajdsjan i vest, Zanjan i sør og Ardabil i aust. Eit fint nettverk av vegar og jernbanar knyt Aust-Aserbajdsjan til andre delar av Iran og nabofylka.

Det høgaste punktet i Aust-Aserbajdsjan er den vulkanske fjelltoppen Sahand på 3 707 moh, sør for Tabriz, meadn dei lågareliggande områda er kring Garmadooz (Ahar). Åsane og fjella i provinsen er delte inn i tre kjeder: Qara Daq, Sahand og Bozqoosh, og Qaflan Kooh.

Klimaet i Aust-Aserbajdsjan er eit kontinental middelhavsklima blanda med eit kaldt, halvtørt lima. Ein svak vind frå Kaspihavet har noko påverknad på klimaet i lågareliggande område.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. National Census 2012 Arkivert 3. juli 2014 ved Wayback Machine.
  2. «همشهری آنلاین-استان‌های کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions) (1 Tir 1393, Jalaali)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014. Arkivert frå originalen den 23. juni 2014.