Aust på Kronskogen og andre soger
| | |||
| Forfattar(ar) | Halvor Floden | ||
|---|---|---|---|
| Språk | nynorsk | ||
| Sjanger | barnebok | ||
| Utgjeven | 1928 | ||
| Forlag | Olaf Norlis Forlag | ||
| Sider | 84 | ||
Aust på Kronskogen og andre soger er ei barnebok frå 1928 av Halvor Floden.[1] Det er ei novellesamling med fire noveller: «Aust på Kronskogen», «Krone», «Babels taarn» og «Steinsprenging».
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Boka kom ut etter at Floden hadde blitt lærar i Hernes i 1917. Halvor og Anne Floden kjøpte og busette seg på småbruket Svea (Schulstadsvea) i Hernes i 1916.[2] Dei hadde fem barn, fødd 1907–1920.[3]
Tittelnovella hadde gått som framhaldssoge i bladet For Bygd og By frå november 1927 til februar 1928.[4][5] Novella «Krone» hadde stått i Norsk Barneblads julenummer Joletre i 1926, med teikning av Jens R. Nilssen.[6]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Slik det er vanleg hos Floden,[7] er handlinga i novellane lagt til austnorske skogbygder.
«Kronskogen», eller «Kronens skog», i tittelnovella er eit dialektnamn på statskog og statsallmenningar. I Flodens heimbygd Trysil utgjer statsskogen 14,1 % av skogarealet,[8] og det meste er samla i Ljørdalen, aust i kommunen.[9] Også i Sverige er «Kronoskogar» namnet på statens skogeigedomar, og i tittelnovella er dei to hovudpersonane Hein og Geir på ei bjørnejakt som fører dei over på verna statsskog på svensk side.[10][11][12]
I novella «Krone» må guten Steinar våge mykje for å hjelpe mora på den avsidesliggjande garden med å berge den einaste kua frå tvangsauksjon.[13][14] Fattigdomen og barns reaksjon på denne, er «eit tydeleg sosialt motiv» som er vanleg i Flodens bøker.[15]
Omtale
[endre | endre wikiteksten]Meldaren Torgeir Valle i bladet Midnattsol la vekt på tittelnovella, og meinte at boka var «ekte gutefrisk» og «inderleg fri for sentimentalitetar».[10] Meldaren Conrad Claussen i Bergens Arbeiderblad trakk óg fram den «spanande og farefulle ferdi» i tittelnovella, og la merke til at sjølv skumle svensker kan ha gode sider.[14] I Sogn Avis skreiv «P.S.H.» at skildringane av «den veldige Kronskogen er levande og fyrstehands».[16]
Meldaren Strilegjenta i unglyden meinte at novella «Krone» burde finnast i alle norske lesebøker.[13] Dei fleste bokmeldingane la mest vekt på tittelnovella eller dei to første novellene.[17][18][19][20] Fleire peikte på at den første novella er for ungdom, medan dei siste er for yngre barn.[21]
I Østlendingen skreiv Sigurd Nergaard rosande om den sterke, ubøyelege viljen hjå Flodens hovudpersonar.[12]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Floden, Halvor (1928). Aust paa Kronskogen og andre soger. Oslo: Norli.
- ↑ Norske gardsbruk : Hedmark fylke. 1. Oslo. 1943. s. 426.
{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link) - ↑ Halvor Floden; Historisk befolkningsregister
- ↑ «For bygd og by». 1927.
- ↑ «For bygd og by». 1928.
- ↑ «Norsk barneblad. Nr. 39 Joletre». Oslo. 1926. s. 13-16.
- ↑ Tordia Ørjasæter, m.fl. (1981). Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år. Oslo: Cappelen. s. 203. ISBN 8202019052.
- ↑ Trysilvassdragets skogeierforening og skogen. Trysil. 1966. s. 125.
{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link) - ↑ Solås, Asbjørn (1999). Nøkkelbiotoper og hensynsområder i statsskogene i Trysil. Kongsberg: Statskog ressursdata. s. 16. ISBN 8291944040.
- 1 2 «Midnattsol». Halsøy i Vefsn. 1928. s. 3.
- ↑ «Agder Tidend». Kristiansand. 1928-11-20. s. 1.
- 1 2 «Østlendingen». Elverum. 1929-01-11. s. 4.
- 1 2 «unglyden». Voss. 1928-11-22. s. 2.
- 1 2 «Bergens Arbeiderblad». 1928-12-08. s. 9.
- ↑ Bjørg Jåstad (1977). «Halvor Floden – talsmann for dei veike?». Syn og segn. Oslo. s. 27-33.. Artikkelen står óg i Ei bok om Halvor Floden, 1984
- ↑ «Sogns Avis». Sogndal. 1928-12-04. s. 1.
- ↑ «Austland». Oslo. 1928-12-20. s. 8.
- ↑ «Østerdølen». Tynset. 1928-11-27. s. 1.
- ↑ «Østlendingen». Elverum. 1928-11-24. s. 1.
- ↑ «Syn og segn». Oslo. 1928. s. 476.
- ↑ «For folkeoplysning : tidsskrift for boksamlinger og folkeakademier». Oslo. 1929. s. 14.