Oslo Austbanestasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Austbanestasjonen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′39.010″N 10°45′3.9924″E

Den fyrste stasjonsbygningen teikna av Heinrich E. Schirmer og Wilhelm von Hanno.
Foto: Ole Tobias Olsen mellom 1863 og 1883/ Oslo Museum
Stasjonsbygningen teikna av Georg Andreas Bull på den no nedlagde Oslo Austbanestasjon fotografert i 2012, sett frå Jernbanetorget og nedre parten av Karl Johans gate. Den låge bygningen til venstre høyrer til Oslo Sentralstasjon.

Oslo Austbanestasjon, Oslo Ø, Østbanestasjonen eller Østbanen er namnet på den tidlegare endestasjonen i Oslo for jarnbanelinene austover, sørover og nordover. Både denne stasjonen og Oslo Vestbanestasjon vart frå 1980-åra erstatta av Oslo Sentralstasjon, som vart bygd med sin stasjonsbygning attmed den gamle stasjonsbygningen for Oslo Austbanestasjon. Mykje av dei areala som tidlegare høyrde til Austbanestasjonen er no delar av Oslo Sentralstasjon, sjølv om denne stasjonen for det meste vart bygd på grunn der det tidlegare låg gater og bygningar. Den gamle stasjonsbygningen, som ligg attmed Jernbanetorget ved austre enden av Karl Johans gate, er teke vare på og bygd om til mellom anna hotell som vart opna i 2012, medan fyrste høgda av bygningen og toghallen har vorte både forretningssenter (kalla Østbanehallen) og ein av fleire inngangar til Oslo Sentralstasjon.

Den fyrste stasjonen på denne staden var endestasjon for den fyrste jarnbana i Noreg, Hovedbanen, som var ferdig bygd mellom Oslo og Eidsvoll i 1854. Stasjonsbygningen på denne stasjonen var teikna av arkitektane Heinrich E. Schirmer og Wilhelm von Hanno, bygd i raud teglstein med eit tårn, og langs sida av bygningen ein overbygd toghall med eit stort vindauge i gavlenden.[1] Noko av denne stasjonsbygningen er framleis å sjå langs nordsida av stasjonsbygningen på Austbanestasjonen, attkjenneleg på den raude teglsteinen, men elles inneklemt mellom dei seinare bygningane og ribba for tårnet og alt som hadde med toghallen å gjere.

Ein ny stasjon med ein større stasjonsbygning måtte byggjast då Østfoldbanen vart opna. Den nye og mykje større stasjonsbygningen vart teikna av stadsarkitekt Georg Andreas Bull, som tidlegare hadde teikna stasjonsbygningen på Oslo Vestbanestasjon. Han valte ein annan arkitektonisk stil for denne stasjonen, fasadar i nyrenessanse. Toghallen på den gamle stasjonen vart fjerna og gav plass til ein mykje større bygning i pussa teglstein utforma som fløyer med fasadar mot vest og sør, og med ein langt større toghall i jarn- og glaskonstruksjon på innsida, ferdig i 1882.[1] Stasjonsbygningen frå den opphavlege stasjonen vart altså delvis innfatta i anlegget, men gjeve andre funksjonar. Men med tida vart òg toghallen på denne stasjonen for liten for trafikken, og det vart lagt spor med perrongar utanfor hallen.

Oslo Austbanestasjon var ikkje berre ein persontogstasjon, men hadde òg store bygningar og spor-areal aust på stasjonsområdet for handsaming og ekspedering av stykkgods. Med unnatak av ein toll-bygning, er det ikkje noko att av dette. Stasjonen hadde dessutan samband med Oslo Vestbanestasjon over godsbanen Havnebanen, som dels gjekk i gatene, dels på eigen trasé kring neset der Akershus festning ligg.

Fredning[endre | endre wikiteksten]

Austbanestasjonen vart freda av Riksantikvaren i 2004. Fredninga omfattar alle dei gjenverande ytre delane og store delar av interiøret.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, side 635, ISBN 978-82-573-1760-7
  2. Østbanestasjonen på Jernbanetorget, Oslo kommune frå Riksantikvaren (Vitja 19. januar 2013)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!