Austefjorden i Sund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar, sjå Austefjorden.
Austefjorden
LandFlag of Norway.svg Noreg
FylkeVestland
KommuneØygarden
Plassering

Austefjorden
60°11′7″ N 5°4′49″ E

Austefjorden er ein fjordarm på nordsida av Korsfjorden i Øygarden kommune i Vestland. Det meste av fjorden ligg mellom Toftøya i vest og Sotra i aust. Fjorden strekker seg 8 km til Eide.

Innløpet til fjorden i sør ligg mellom Hummelsund på Toftøya og Håkonsund sør for Forland. Ved nordenden av Toftøya kryssar ei 270 meter lang hengebru fjorden langs fylkesveg 200.

Langs austsida av fjorden er det fleire grender innover langs fjorden som Steinsland, Hamre, Bakka, Åsen og Vorland. På vestsida nord for Toftøya ligg Glesnes og Kausland. Heilt inst i fjorden delar han seg i to og den vestlege delen vert kalla Vestrepollen.