Østerbotn

Koordinatar: 70°6′3″N 25°9′22″E / 70.10083°N 25.15611°E / 70.10083; 25.15611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Austerbotn)

70°6′3″N 25°9′22″E / 70.10083°N 25.15611°E / 70.10083; 25.15611

Østerbotn
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Porsanger
Kart
Østerbotn
70°06′13″N 25°09′13″E / 70.10366°N 25.1536°E / 70.10366; 25.1536

Østerbotn eller Austerbotn (samisk Soggovuotna, finsk Sokkuvuono) er ein fjordarm av inst i Porsangerfjorden i Porsanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 9 km sørover til Østerbotnhalsen i botn av fjorden, eit lite stykke aust for Lakselv.

Fjorden går langs austsida av Oldereidneset og har innløp mellom Gáhkkorláttonjárga i vest og Store Bjørnnes i aust. På andre sida av Oldereidneset ligg Vesterbotn og Brennelvfjorden. Austerbotn er mykje djupare enn den grunne Vesterbotn og er 106 meter på det djupaste, eit godt stykke ut i fjorden. Det ligg fleire mindre busetnader langs fjorden, som Handelsbukt og Fluberg på austsida, og Hamnbukt på vestsida.

Riksveg 98 går langs botn og austsida av fjorden.