Austerrike i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Austerrike
EuroAustria.svg
Offisielt Austerrike

Österreichischer Rundfunk
Uttakingar
Nasjonalt 17
Internt 36
Deltaking
Debutår 1957
Deltakingar 53
Beste resultat
Semifinalen 1 (2014)
Finalen 1 (1966 og 2014)
Verste resultat
Semifinalen Sist (2012)
Finalen Sist (1957, 1961, 1962, 1979, 1984, 1988 og 1991)
Poeng
Semifinalane 942
Finalane 2 246
Totalt 3 188

Austerrike debuterte i Eurovision Song Contest i 1957 og har delteke 53 gongar. Austerrike har vunne Eurovision Song Contest to gongar, fyrst i 1966 med Udo Jürgens og sist i 2014 med Conchita Wurst. Austerrike har også hamna på sisteplass åtte gongar, der fire av dei endte med null poeng. Saman med Noreg er Austerrike det landet som har fått null poeng flest gongar i Eurovision Song Contest.[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Det er den austerrikske allmennkringkastaren Österreichischer Rundfunk (ORF) som har ansvaret for å velje Austerrike sitt bidrag til Eurovision Song Contest. Debuten kom allereie i den andre utgåva av Eurovision Song Contest, i 1957, då Austerrike enda på sisteplass i sitt aller fyrste forsøk i tevlinga. Sidan har ei rekkje nye sisteplassar fulgt, inkludert fire gongar der dei ikkje har fått noko poeng. I 2015 vart Austerrike den fyrste vertsnasjonen i Eurovision Song Contest som fekk null poeng.[2]

Trass sisteplassane har Austerrike også åtte topp fem-plasseringar, inkludert to sigrar. Den fyrste kom i Luxembourg i 1966, då Udo Jürgens, på sitt tredje forsøk på rad, vann med songen «Merci, Chérie». Etter den fyrste sigeren til Austerrike, skulle det gå heile 48 år før landet fekk sin andre siger, då Conchita Wurst vann med songen «Rise Like a Phoenix» i 2014. I 2018 leia Austerrike finalen etter juryavrøystinga, men enda på tredjeplass totalt etter å ha hamna 13.-plass blant folket. Utanom dei to sigrane er tredjeplassen den beste plasseringa til Austerrike.

Fleire fråvær[endre | endre wikiteksten]

Sidan debuten har Austerrike av ulike årsaker heldt seg utanfor tevlinga ei rekkje gongar. I 1969 trekte Austerrike seg fordi Eurovision Song Contest skulle haldast i det Franco-styrte Spania, og i 1970 i protest mot at fire land delte sigeren året før.[3] Også Norden og Portugal trekte seg frå finalen i 1970 av same grunn. I åra 1973-1975 var Austerrike, av uvisse årsaker, heller ikkje med i tevlinga.

I 1998 og 2001 måtte Austerrike stå over Eurovision Song Contest på grunn av dårlege resultat åra før. I 2006 og åra 2008 til 2010 deltok ikkje Austerrike, i protest mot det nye røystesystemet i Eurovision Song Contest og innføringa av to semifinalar og korleis landa ville bli fordelte i dei semifinalane.[4] Austerrike kom tilbake i 2011 då nabolandet Tyskland arrangerte tevlinga, og har delteke kvart år sidan.[5]

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
1957 Bob Martin «Wohin, kleines Pony?» Tysk 3 10
1958 Liane Augustin «Die ganze Welt braucht Liebe» Tysk 1 9
1959 Ferry Graf «Der K und K Kalypso aus Wien» Tysk 21 1
1960 Harry Winter «Du hast mich so fasziniert» Tysk 6 7
1961 Jimmy Makulis «Sehnsucht» Tysk 1 15
1962 Eleonore Schwarz «Nur in der Wiener Luft» Tysk 0 13
1963 Carmela Corren «Vielleicht geschieht ein Wunder» Tysk og engelsk 16 7
1964 Udo Jürgens «Warum nur warum?» Tysk 11 6
1965 Udo Jürgens «Sag ihr, ich lass sie grüßen» Tysk 16 4
1966 Udo Jürgens «Merci, Chérie» Tysk og fransk 31 1
1967 Peter Horton «Warum es hunderttausend Sterne gibt» Tysk 2 14
1968 Karel Gott «Tausend Fenster» Tysk 2 13
1971 Marianne Mendt «Musik» Wienersk 66 16
1972 Milestones «Falter im Wind» Tysk 100 5
1976 Waterloo & Robinson «My Little World» Engelsk 80 5
1977 Schmetterlinge «Boom Boom Boomerang» Tysk og engelsk 11 17
1978 Springtime «Mrs. Caroline Robinson» Tysk 14 15
1979 Christina Simon «Heute in Jerusalem» Tysk 5 18
1980 Blue Danube «Du bist Musik» Tysk 64 8
1981 Marty Brem «Wenn du da bist» Tysk 20 17
1982 Mess «Sonntag» Tysk 57 9
1983 Westend «Hurricane» Tysk 53 9
1984 Anita «Einfach weg» Tysk 5 19
1985 Gary Lux «Kinder dieser Welt» Tysk 60 8
1986 Timna Brauer «Die Zeit ist einsam» Tysk 12 18
1987 Gary Lux «Nur noch Gefühl» Tysk 8 20
1988 Wilfried «Lisa, Mona Lisa» Tysk 0 21
1989 Thomas Forstner «Nur ein Lied» Tysk 97 5
1990 Simone «Keine Mauern mehr» Tysk 58 10
1991 Thomas Forstner «Venedig im Regen» Tysk 0 22
1992 Tony Wegas «Zusammen geh'n» Tysk 63 10
1993 Tony Wegas «Maria Magdalena» Tysk 32 14
1994 Petra Frey «Für den Frieden der Welt» Tysk 19 17
1995 Stella Jones «Die Welt dreht sich verkehrt» Tysk 67 13
1996 George Nussbaumer «Weil's dr guat got» Vorarlbergsk 68 10 80 6
1997 Bettina Soriat «One Step» Tysk og engelsk 12 21
1999 Bobbie Singer «Reflection» Engelsk 65 10
2000 The Rounder Girls «All To You» Engelsk 34 14
2002 Manuel Ortega «Say a Word» Engelsk 26 18
2003 Alf Poier «Weil der Mensch zählt» Tysk 101 6
2004 Tie Break «Du bist» Tysk 9 21 Direktekvalifisert
2005 Global Kryner «Y así» Engelsk og spansk Ikkje kvalifisert 30 21
2007 Eric Papilaya «Get a Life – Get Alive» Engelsk 4 27
2011 Nadine Beiler «The Secret Is Love» Engelsk 64 18 69 7
2012 Trackshittaz «Woki mit deim Popo» Tysk Ikkje kvalifisert 8 18
2013 Natália Kelly «Shine» Engelsk 27 14
2014 Conchita Wurst «Rise Like a Phoenix» Engelsk 290 1 169 1
2015 The Makemakes «I Am Yours» Engelsk 0 26 Direktekvalifisert
2016 Zoë «Loin d'ici» Fransk 151 13 170 7
2017 Nathan Trent «Running on Air» Engelsk 93 16 147 7
2018 Cesár Sampson «Nobody but You» Engelsk 342 3 231 4
2019 Pænda «Limits» Engelsk Ikkje kvalifisert 21 17
2020 Vincent Bueno «Alive» Engelsk Avlyst
2021 Vincent Bueno «Amen» Engelsk Ikkje kvalifisert 66 12

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Røystehistorikk (1957-2019)[endre | endre wikiteksten]

Finalane[endre | endre wikiteksten]

Austerrike har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Storbritannia 189
2 Sverige 177
3 Irland 172
4 Frankrike 148
5 Sveits 146

Austerrike har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Storbritannia 126
2 Belgia 121
3 Irland 103
4 Sverige 100
5 Tyskland 97


Eurovision Song Contest i Austerrike[endre | endre wikiteksten]

År Stad Arena Programleiarar
1967 Wien Großer Festsaal der Wiener Hofburg Erika Vaal
2015 Wien Wiener Stadthalle Alice Tumler, Arabella Kiesbauer og Mirjam Weichselbraun

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Austria – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 27. november 2016. 
  2. «Eurovision Song Contest 2015 Grand Final». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 27. november 2016. 
  3. O'Connor, John Kennedy (2005). The Eurovision Song Contest: The Official History. London: Carlton Books Ltd. ISBN 1847325211. 
  4. Michael Kuipers (3. juni 2008). «Austria: ORF will decide in the Autumn». esctoday.com. Henta 27. november 2016. 
  5. Dennis Van Ee (27. juli 2010). «Austria: Back in Eurovision in 2011». escdaily.com. Arkivert frå originalen 2016-11-27. Henta 27. november 2016. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]