Austersjøfinsk lydhistorie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Austersjøfinsk lydhistorie er lydhistoria til dei austersjøfinske språka, ein viktig del av den austersjøfinske språkhistoria.

Dei austersjøfinske språka er ei klårt avgrensa gruppe nærskylde språk, og hovudtrekka i den austersjøfinske lydhistoria har vore klår lenge. Det er likevel framleis opne spørsmål, som t.d. den interne klassifiseringa av språkfamilien, noko som lydhistoria kan gje svar på.

Vokalane[endre | endre wikiteksten]

Vokalsystema skil seg frå kvarandre i trykksterk (første) og trykklett staving, så vi ser på dei kvar for seg.

Vokalane i første staving[endre | endre wikiteksten]

Korte vokalar[endre | endre wikiteksten]

For å rekonstruere vokalsystemet i uraustersjøfinsk samanliknar vi samsvaret mellom ulike ord i dei austersjøfinske språka, og i tillegg også tilsvarande ord i dei andre greinene av uralsk. Ein slik rekonstruksjon er framstilt av Kaisa Häkkinen (1985:52ff), og det er hennar framstilling denne presentasjonen bygger på.

Häkkinen sett opp følgjande ordformer som representantar for dei korte vokalane i austersjøfinsk:

Kort *i ( < *ilma)

Austersjøfinsk Andre uralske språk
finsk ilma luft nordsamisk albmi luft
karelsk ilma luft komi jen gud
votisk ilma luft udmurtisk in himmel
estisk ilm luft mansisk ēləm luft
livisk īlma verd hantisk itəm luft

Som andre døme reknar Häkkinen opp finsk ikä "alder", imeä, "suge", itse "sjølv", kivi "stein", nimi "namn", pilvi"sky" og silmä "auge".

Kort *e ( < *elä-)

Austersjøfinsk Andre uralske språk
finsk elää leve nordsamisk eallit leve
karelsk eleä leve austmarisk ilaš leve
vepsisk el´ädä leve komi ovni̮ leve
votisk elǟ leve udmurtisk uli̮ni̮ leve
estisk elada leve mansisk jalt- bli betre
livisk je´llə̑ leve hantisk jĕlpəɣlä vakne til liv
ungarsk él leve
nenetsisk jīl´ē- leve

Som andre døme reknar Häkkinen opp finsk enä oppr. tyding: "stor", kehä "ring, omkrins", keri(tuohi) "neverrull", mennä "dra av garde", pelätää "bli redd", pesä "reir", vesi "vatn", vetää" "dra".

Kort *ä ( < *käte)

Austersjøfinsk Andre uralske språk
finsk käsi hand nordsamisk giehta hand
karelsk käzi hand erzja ked´ hand
vepsisk käźi hand austmarisk kit̮ hand
votisk čäsi hand komi ki hand
estisk käzi hand udmurtisk ki hand
livisk ke´iž hand mansisk kāt hand
hantisk ket hand
ungarsk kéz hand

Som andre døme på opphavleg kort ä i reknar Häkkinen opp finsk jänne "sene", jää (< *jäŋe-) "is", nähdä "sjå", pää (< päŋe). täi "lus" og väki oppr. "kraft".

Kort *ü ( < *sükśe)

Austersjøfinsk Andre uralske språk
finsk syksy haust nordsamisk čakča haust
karelsk sükšü haust erzja śokś haust
vepsisk sügüz haust austmarisk šə̑žə̑ haust
votisk süčüzü haust udmurtisk siźi̮l haust
estisk sügis haust mansisk takwəs haust
livisk si´kš haust hantisk sĕkwəs haust
ungarsk ösz haust

Som andre døme på opphavleg kort ü i finsk reknar Häkkinen opp finsk kynsi "nagl", nysi "skaft" (på arbeidsreidskap), sydän "hjarte", syli "fang", sylki "spytt", sysi (i dag som forledd i t.d. sysimusta "heilt svart"), tymä "lim".

Kort *u ( < *pure)

Austersjøfinsk Andre uralske språk
finsk purra bite nordsamisk borrat ete
karelsk purra bite erzja poŕems bite
vepsisk purda bite austmarisk puraš bite
votisk purra bite komi purni̮ bite
estisk pureda bite udmurtisk puri̮ni̮ bite
livisk pu´rrə̑ bite mansisk pur- bite
hantisk părDa bite

Som andre døme på opphavleg kort u i finsk reknar Häkkinen opp finsk kulkea "vandre", lukea "lese" pura "meisel", tuli "eld" og tuntea "kjenne".


Kort *o ( < *voje "feitt")

Austersjøfinsk Andre uralske språk
finsk voi smør, feitt nordsamisk vuodja smør, feitt
karelsk voi smør, feitt erzja oj smør, feitt
vepsisk voi smør, feitt austmarisk üj smør, feitt
votisk ve̮i smør, feitt komi vi̮j smør, feitt
estisk või smør, feitt udmurtisk ve̮j smør, feitt
livisk vui smør, feitt mansisk uj smør, feitt
hantisk uj smør, feitt
ungarsk váj smør, feitt

Som andre døme på opphavleg kort o i finsk reknar Häkkinen opp finsk koivu "bjørk", kolme "3" kota "gamme", olla "å vere", otava "laksegarn" og polvi "kne".


Kort *a ( < *maksa "lever")

Austersjøfinsk Andre uralske språk
finsk maksa lever umesamisk müeksee lever
karelsk makša lever erzja makso lever
vepsisk maks lever austmarisk mokš lever
votisk mahsa lever komi mus lever
estisk maks lever udmurtisk mus lever
livisk maksà lever mansisk mājt lever
hantisk muXət lever
ungarsk máj lever
nenetsisk mi̮d smør, feitt

Som andre døme på opphavleg kort a i finsk reknar Häkkinen opp finsk ala "ned", antaa "gje" kala "fisk", pala "ein bit", sala "hemmeleg" og varis "kråke".

I tillegg til desse vokalane finst det i finsk og fleire andre austersjøfinske språk kort ö. Orda med ö har ikkje samsvar i dei andre greinene av den uralske språkfamilien, så konklusjonen er at ö er ein yngre vokal i språksystemet.


Lange vokalar og diftongar[endre | endre wikiteksten]

Dei lange vokalane i, u går attende til lange vokalar i dei andre uralske språka. Det same gjer vokalane e, o, dei har vorte diftonger til ie, uo i dei fleste austersjøfinske språka. Dei austersjøfinske språka har også felles ord med dei lange vokalane ü, ä, ä, men for desse orda har ikkje orda i slektspråka lang vokal. Framstillinga byggjer på Häkkinen 1985:54ff.


Lang *i ( < *vīte "fem")

Austersjøfinsk Andre uralske språk
finsk viisi fem nordsamisk vihta fem
karelsk viisi fem erzja vet´e fem
vepsisk viž fem austmarisk vič fem
votisk vīsi fem komi vit fem
estisk viis fem udmurtisk vit´ fem
livisk viž fem mansisk at fem
hantisk wet fem
ungarsk öt fem
nenetsisk ju´ ti

Det er ikkje mange ord som er rekonstruert med lang ī, to er likevel piiri "ring, omkrins" og niini.


Lang *u ( < *kūle- "høyre")

Austersjøfinsk Andre uralske språk
finsk kuulla høyre nordsamisk gullat høyre
karelsk kuule- høyre erzja kul´ems høyre
vepsisk kulda høyre austmarisk kolaš høyre
votisk kūlla høyre komi ki̮vni̮ høyre
estisk kuulda høyre udmurtisk ki̮li̮ni̮ høyre
livisk kūl høyre mansisk Xūli høyre
hantisk Xutta høyre
ungarsk hall (?) høyre
nenetsisk Xā (?) øyre

Andre ord med lang *ū er kuusi "seks", muu "annan", tuuli "vind", uuhi.


Lang *e ( < *kēle- "tunge")

Austersjøfinsk Andre uralske språk
finsk kieli språk, tunge nordsamisk giella språk
karelsk kieli språk, tunge erzja kel´ tunge
vepsisk kel´ språk, tunge austmarisk kə̑l streng
votisk čēli språk, tunge komi ki̮v språk
estisk keel språk, tunge udmurtisk ki̮l språk
livisk kēl´ språk, tunge sørmansisk kelä høyre
hantisk ket høyre
ungarsk śie høyre
nenetsisk Xā (?) øyre

Det er ein gammal lang også i liemi, ‘kjøttkraft’, mieli, ‘sinn’, niella, ‘svelgje’, pieli.

Lang *o ( < *ńōle, ‘pil’)

Austersjøfinsk Andre uralske språk
finsk nuoli pil nordsamisk njuolla pil
onegakarelsk nuoli pil erzja nal pil
estisk nool spil austmarisk nölö pil
livisk nùol pil komi ńev pil
udmurtisk ńe̮l pil
sørmansisk ńāl pil
hantisk ńot pil
ungarsk nyíl pil
nenetsisk tūńńu børse (eld + pil)

Det er ein gammal lang også i kuolla, ‘døy’, nuolla, ‘sleike’, suoli, ‘tarm’, suoni, ‘sene’.

I tillegg til desse fire vokalane har dei austersjøfinske språka også ord med lang *ā, *ǟ, *ǖ, *ȫ. I og med at orda er felles for alle dei austersjøfinske språka må lydutviklinga som har ført til dei lange vokalane gå attende til tida då austersjøfinsk var eitt språk. Attom dei lange vokalane er det fleire språklege endringar, dei fleste av dei er vokalisering av *j, *v og .

tyding finsk estisk urfinsk-samisk erzja
lår sääri sär *säjer śejer
hoggorm kyy küü *küje kuj
ete syö- söö *söv < *seve sevems
arbeid työ töö *töv < *teve t´ev
måne kuu kuu *kuŋe kov
mus hiiri hiir *šiŋere čejer

Dei austersjøfinske språka har fleire diftongar. Diftongane ie, üö, uo er resultat av diftongering av lang ē, ō, ū. Dei er ikkje diftongert i alle dei austersjøfinske språka, så denne utviklinga må vere frå etter at språka skilde seg frå kvarandre. Diftongar som sluttar på trong vokal er på si side fells for alle dei austersjøfinske språket.

Denne tabellen viser au og ei, den første, hauta "grav", frå eit germansk lån *sauþa "grop" (jf. det norske stadnamnet Sauda), og i det andre, seitsemän "sju" går diftongen ei attende til (jf. urf. *śeŋ́će).

Språk "grav" "sju"
finsk hauta seitsemän
karelsk hauda seiččemän
vepsisk haud śeič́č́emän
votisk auta seicē
estisk haud seitse
livisk ōda seìs

Frå uraustersjøfinsk til dei moderne språka[endre | endre wikiteksten]

På bakgrunnen av samanstilling ovafor kan vi rekonstruere dette vokalsystemet for uraustersjøfinsk, dvs. det felles urspråket for austersjøfinsk og samisk :

Korte vokalar Lange vokalar
Høg i ü u i: u:
Mid e o e: o:
Låg ä a

Som vi har sett har vi for både dei korte vokalane i, e, ä, y, u, o, a og for dei lange vokalane ī, ē, ō, ū funne tilsvar i dei andre uralske språka. Dei er også felles for dei austersjøfinske språka. Diftongar der andre vokal er trong kjem frå lånord eller frå vokal + konsonant-samband. Resultatet for dei moderne språka blir altså slik.

Korte vokalar Lange vokalar Diftongerte lange vok.
Høg i y u i: y: u: ie uo
Mid e ö o e: ö: o:
Låg ä a ä: a:

Vokalane i andre staving[endre | endre wikiteksten]

For ur-finsk-samisk kan vi rekonstruere vokalsystemet for andre stavinga i ordet:[1]

Vokalar
Mid e o
Låg ä a


Konsonantane[endre | endre wikiteksten]

Konsonantane i det finsk-samiske urspråket[endre | endre wikiteksten]

For å rekonstruere konsonantsystemet i austersjøfinsk går vi gjennom dei ulike konsonanttypane i dei ulike språka.

Lukkelydar[endre | endre wikiteksten]

Lukkelydane p, t, k er uforandra i dei fleste språka (estisk -b- representerer standardortografien, uttale er [p]).

*p- ( < *pesä "reir), *-p- (< śepä "hals")

Initial konsonant Konsonant mellom vokalane
finsk pesä nordsamisk beassi finsk sepä nordsamisk čeabet
karelsk pesä erzja pize karelsk šepä erzja śive
vepsisk pezä austmarisk pə̑žaš vepsisk śeba austmarisk šüj
votisk pesä komi poz komi śi̮li
estisk pesa udmurtisk puz estisk seba udmurtisk si̮l
livisk pjezà mansisk pit´i livisk sebà mansisk sip
hantisk pĕl hantisk sapet
ungarsk fészek ungarsk
nenetsisk pid´e nenetsisk

Andre ord med opphavleg initial p er finsk pala, ‘bit’, palaa, ‘brenne’, panna, ‘setje’, pelätä, ‘frykte’, perä, "bak’, pii, ‘tann, rivetind’, pilvi ‘sky’, poika ‘gut’. p mellom vokalar finst i finsk hupa, ‘udryg, sløsaktig’, kupinas, ‘symjeblære’, repo, ‘rev’, sopa, ‘klesdrakt’.

*t- (< tälvä, "vinter"), *-t- (< kota, ‘hytte, gamme’)

Initial konsonant Konsonant mellom vokalane
finsk talvi nordsamisk dálvi finsk kota nordsamisk goahti
karelsk talvi erzja t´el´e karelsk koda erzja kudo
vepsisk tal´v austmarisk tele vepsisk koda austmarisk kuđo
votisk talvi komi te̮v votisk kota komi kola
estisk talv udmurtisk tol estisk koda udmurtisk kuala
livisk tōla mansisk tāl livisk kuodà mansisk
hantisk tĕtə hantisk Xot
ungarsk tél ungarsk ház

Andre ord med initial t er te "dokker", touko "vår", tuli "eld", tuntea "kjenne, føle", tuoda "bringe", tyvi "rot", täi "lus". t mellom vokalar har vi i finsk pata "gryte", sata "hundre", vetää "dra".


*k (< kakta, "2"), *-k- (< joke, "elv")

Initial konsonant Konsonant mellom vokalane
finsk kaksi nordsamisk guokti finsk joki nordsamisk johka
karelsk kakši erzja kavto karelsk kogi erzja Jov (stadnamn)
vepsisk kakś austmarisk kok vepsisk d´ögi austmarisk -
votisk kahsi komi kik votisk je̮či komi ju
estisk kaks udmurtisk kik estisk jõgi udmurtisk ju-
livisk kakw mansisk kit´ livisk jo´G mansisk
hantisk kĕt hantisk jŏɣən
ungarsk két ungarsk -jó
nenetsisk śid´e nenetsisk jaXā

Gamle uralske ord på k- er det mange av, t.d. finsk kala, ‘fisk’, kantaa, ‘bere’, kehä, ‘ring’, kieli, ‘tunge, språk’, kivi, ‘stein’, kolme, ‘3’, kota, ‘gamme’, kuolla, ‘døy’, kynsi, ‘nagl’, käsi, ‘hand’. Ord med k i intervokalisk posisjon er t.d. ikä, ‘alder’, lukea, ‘lese’, taka, ‘bak’, väki, ‘folk’.

Affrikatar[endre | endre wikiteksten]

*č- (< čappama, "sur"), -č- ( < kečä, "ring")

Initial konsonant Konsonant mellom vokalane
finsk hapan nordsamisk - finsk kehä nordsamisk giessat
karelsk hapan erzja čapamo karelsk kehä erzja či
vepsisk hapata austmarisk šop vepsisk austmarisk keče
votisk apō komi votisk komi kič
estisk hapu udmurtisk estisk keha udmurtisk koš
livisk ap̀pə̑n mansisk livisk mansisk

Opprinneleg č har vorte h i dei austersjøfinske språka, men falle bort i votisk og livisk.

*ć- (< ćolme, "knute"), -ć- (< ićä)

Initial konsonant Konsonant mellom vokalane
finsk solmu nordsamisk čuolbma finsk isä nordsamisk áhčči
karelsk šolmu erzja śulmo karelsk izä erzja oćä "fars eldre bror"
vepsisk sol´m austmarisk vepsisk ižä austmarisk iza
votisk selmu komi votisk izä komi
estisk solm udmurtisk estisk isa udmurtisk koš
livisk suol̄ḿ mansisk livisk izà mansisk niśśè

Opprinneleg ć har vorte s initialt i dei austersjøfinske språka. Mellom vokalar har ć vorte s, men i aust og sør z. I samisk har ć vorte til č.

Sibilantar[endre | endre wikiteksten]

*s- (< süle, "fang"), -s- ( < *pesä)

Initial konsonant Konsonant mellom vokalane
finsk syli nordsamisk salla finsk pesä nordsamisk beassi
karelsk šüli erzja sel´ karelsk pesä erzja pize
vepsisk sül´ austmarisk šülö vepsisk peza austmarisk pə̑žaš
votisk süli komi si̮v votisk pesä komi poz
estisk süli udmurtisk sul estisk pesa udmurtisk puz
livisk si´l´ mansisk tal livisk piezà mansisk pit´i

Ord på s- er t.d. sala, ‘hemmeleg’, soutaa, ‘å ro’, suoni, ‘åre’ og suvi ‘(for)sommar’. Intervokalisk -s- er t.d. kesä ‘sommar’, kuusi ‘gran’.

*ś- (< śilmä, "auge"), -ś- ( < *kuśV "spørje")

Initial konsonant Konsonant mellom vokalane
finsk silmä nordsamisk čalbmi finsk kysyä nordsamisk gahččat
karelsk šilmä erzja śel´me karelsk küšüö moksja kiźəft´ms
vepsisk silm austmarisk šińča vepsisk küzuda austmarisk -
votisk silmä komi śin votisk čüsüä komi -
estisk silm udmurtisk śin estisk küsida udmurtisk -
livisk sīlma mansisk sam livisk ki´zzə̑ mansisk -

Ord med opprinneleg ś er m.a. suu, ‘munn’, sydän, ‘hjarte’, sylkeä ‘å spytte’.

Uraustersjøfinsk til dei moderne språka[endre | endre wikiteksten]

På bakgrunn av dei nære slektspråka samisk og mordvinsk er det mogleg å rekonstruere dette konsonantsystemet, notert med det finskugriske fonetiske alfabetet.

Lab Alv Pal Retr Vel
p t k
ć č
s ś š
δ δ´
v j
m n ń ŋ
l
r


I finsk har s og ś vorte s, men š har vorte h. Her er slektspråka meir konservativ: s, ś, š er bevart i både dei mordvinske og permiske språka.

Nasalar[endre | endre wikiteksten]

I utgangspunktet har det vore fire nasalar, *m, *n, *ń, *ŋ. Av desse er dei to første bevart. Palatal *ń har falle saman med *n, mens *ŋ har falle bort i alle andre posisjonar enn foran k, slik at det i dag er meir

*m-/*-n- (< mene-, "gå, dra")

finsk mennä nordsamisk mannat
karelsk männä austmarisk mijaš
vepsisk mändä komi munni̮
votisk mennä udmurtisk mi̮ni̮ni̮
estisk minna mansisk mini
khantisk menta

Andre ord er t.d. maksa, ‘lever’, miniä, ‘svigerdotter’, muna, ‘egg’.

*n-/*-m- (< *nime, "namn")

finsk nimi nordsamisk namma
karelsk ńimi erzja l´em
vepsisk nimi austmarisk lüm
votisk nimi komi ńim
estisk nimi udmurtisk ńim
livisk ni'm mansisk nam

Ord med opprinneleg -m- er m.a. emä "mor", imeä "suge", suomu "fiskeskjell". Ord på *n- er neiti "ungjente", nysi "skaft på verkty" og nähdä "å sjå".

*ń- (< *ńele, "svelgje")

finsk niellä nordsamisk njiellat
karelsk ńiellä erzja ńil´ems
votisk nēllä austmarisk nelaš
estisk neelda komi ńi̮kavni̮
livisk nielə̑ udmurtisk ńi̮li̮ni̮
mansisk ńalt
ungarsk nyel (<ny> = ń)
nenetsisk ńāllā

Ord med opprinneleg ń- er m.a. neljä "4", nuoli "pil", nuolla "sleike".

*-ŋ- (< *jäŋe, "is")

finsk jää nordsamisk jiekŋa
karelsk jeä erzja ej
vepsisk d´a austmarisk ij
votisk komi ji
estisk jää udmurtisk je̮
livisk jeì mansisk jāŋk
khantisk jeŋk
ungarsk jék

Ord med opprinneleg *-Ŋ- er m.a. kuu (< *kuŋe) "måne", pii (< piŋe) "flint".

Moderne finsk[endre | endre wikiteksten]

Moderne finsk har gått gjennom fleire endringar, og har mista både palatale og retroflekse konsonantar:

Lab Alv Pal Retr Vel Far
p t/d k
s h
v j
m n ŋ
l
r

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Korhonen 1988:271

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Häkkinen, Kaisa 1985: Suomen kielen äänne- ja muotorakenteen historiallista taustaa. Åbo: Finska institutionen vid Åbo akademi.
  • Kallio, Petri (2006): Suomen kantakielten absoluuttista kronologiaa[daud lenkje] Virittäjä 110. Summary: On the absolute chronology of proto-languages of Finnish.
  • Kallio, Petri (2014). "The Diversification of Proto-Finnic". In Ahola, Joonas; Frog (red.). Fibula, Fabula, Fact: The Viking Age in Finland (Studia Fennica Historica 18). Helsinki, Finland: Finno-Ugric Society.
  • Kettunen, Lauri (1960). "Suomen lähisukukielten luonteenomaiset piirteet". Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia. 119.
  • Korhonen, Mikko 1988: The history of the Lapp language. Sinor, Denis: The Uralic languages. Description, history and foreign influences]. Leiden: E.J. Brill. s. 264-278.
  • Laakso, Johanna (2001). "The Finnic languages: Typology and contact". I Dahl, Ö.; Koptjevskaja-Tamm, M. (red.). The Circum-Baltic languages. Volume I: Past and Present. Amsterdam: John Benjamins.
  • Laanest, Arvo (1982). Einführung in die ostseefinnischen Sprachen (in German). Translated by Laanest. Hamburg: Buske.
  • Sammallahti, Pekka (1977). Suomalaisten esihistorian kysymyksiä. Virittäjä: 119–136.
  • Viitso, Tiit-Rein (1998). "Fennic". I Abondolo, Daniel (red.). Uralic languages. Routledge.