Austersjøfinske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Austersjøfinsk språk)
Austersjøfinske språk
Klassifisering: Uralsk
Vidare inndeling:
Område: Nordlege Fennoskandia, Baltikum, Nordvest-Russland
Glottolog: finn1317

Dei austersjøfinske språka er ei gruppe av nærslekta finsk-ugriske (og dermed uralske) språk som blir tala i området kring Austersjøen. To austersjøfinske språk, finsk og estisk, er offisielle språk i eigne nasjonalstatar. Fleire andre austersjøfinske språka har berre ein handfull brukarar att og er i ferd med å døy ut. Kvensk blir berre snakka i Noreg, medan meänkieli berre blir snakka i Sverige. Det sørlegaste austersjøfinske språket er livisk, som er eit minoritetsspråk i Latvia, er i ferd med å gjennomgå ein revitaliseringsprosess. Dei næraste slektningane til dei austersjøfinske språka er samisk, mordvinsk, og dei utdøydde språka merja og muroma som vart snakka i områda rundt og aust og nord for Moskva.

Dei austersjøfinske språka er ikkje innbyrdes forståelege, skilnadene dei i mellom er omtrent som mellom norsk, færøysk og islandsk.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Suhonen 1988 s. 288ff deler austersjøfinsk inn i to hovudgreiner, med finsk, karelsk og vepsisk i den nordlege og estisk, livisk og votisk i den sørlege.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Finsk og estisk har vorte skrive med det latinske alfabetet i bortimot 500 år. Karelsk og vepsisk vart først skrive med kyrillisk alfabet, deretter fekk dei latinsk alfabet på 1930-talet, før det vart skifta til kyrillisk alfabet etter 1937. Etter Sovjetunionens samanbrot har det vorte publisert ABC-bøker på karelsk og vepsisk på det latinske alfabetet, dei siste tiåra også.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Austersjøfinsk språkhistorie.

Det er ein del variasjon i lydsystema dei austersjøfinske språka i mellom. Alle har rike vokalsystem, men der finsk og livisk har det same vokalsystemet som svensk, har estisk og dei austlegaste språka ein del andre vokalar, m.a. /õ/, ein bakre, urunda vokal. Alle språka har mange diftongar.

Dei nordvestlege språka har relativt små konsonantsystem, med 3 artikulasjonsstader (labial, alveolar, velar) der t.d. norsk har 4. Dei austlege språka i gruppa, som karelsk og vepsisk har palatalisering som ein viktig prosess, dette er eit fenomen dei deler med russisk, som dei er sterkt påverka av.

Dei fleste språka har ein gjennomgåande opposisjon mellom lange og korte lydar, for vepsisk i aust er lengd mindre gjennomgripande. Dei fleste språka (men ikkje vepsisk og livisk[1]) har stadieveksling, ein prosess der rotkonsonanten vekslar i kvalitet eller kvantitet alt etter kva morfologisk form ordforma har. Dei nordlege austersjøfinske språka har også vokalharmoni.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Grammatisk sett framstår dei austersjøfinske språka som ei gruppe svært like språk, med trekk som samlar dei og skil dei frå samisk og mordvinsk. Alle språka har mange kasus (frå 11 i livisk til over 20 i vepsisk), m.a. med dobbelt sett (indre og ytre) lokalkasus. Kasussystema har ei kjerne av grammatiske kasus: nominativ, genitiv og partitiv (eit opprinneleg akkusativ har (med visse unntak i nokre av pronomensystema) falle saman med genitiv).

Til liks med alle andre uralske språk manglar dei austersjøfinske språka kategorien genus. Pronomena har ikkje ulike former for å referere til kvinner og menn, og substantiva blir ikkje klassifisert etter eit genussystem (eller noko anna system). Eitt unntak er at nokre av dei austersjøfinske språka har eit pronomen hän som refererer til menneske, og eit se som refererer både til andre levande vesen og til ting og abstrakte omgrep. Systemet er likevel ikkje konsekvent gjennomført, og i finsk, der denne distinksjonen var gjennomført i standardspråket, er han på vikande front (bruk av se blir i aukande grad også brukt for å referere til menneske).

Verba blir bøygd i person og tal (singularis, pluralis), og i modus.

Den primære morfologiske prosessen er suffiksering, dei austersjøfinske språka er agglutinerande, likevel med ein del flekterande tendensar.

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Adjektiv og determinativar kongruerer med hovudordet substantiv i kasus, ingen andre språk i verda enn dei austersjøfinske har kasuskongruens men ikkje genusdistinksjon.

Typologisk sett er dei austersjøfinske språka SVO-språk. Dei har likevel karakterdrag typisk for SOV-språk, t.d. fleire postposisjonar enn preposisjonar og mange infinitte verbformer. Det austersjøfinske (og uralske) språket som typologisk sett skil seg mest ut frå dei andre er nok estisk, som også har vore under sterk germansk påverknad gjennom store delar av det siste tusenåret.

Språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Neverdokument 292karelsk frå byrjinga av 1200-talet er den eldste skriftlege kjelda på noko austersjøfinsk språk

Sjå også: Austersjøfinsk språkhistorie

Den dokumenterte språkhistoria går attende til 1200-talet for karelsk (med funnet av Neverdokument 292 frå Novgorod), og til 1500-talet for estisk og finsk (med religiøse tekstar). Den inndelinga av skriftspråk vi har i dag er relativt ny. Sørestisk og nordestisk vart t.d. samla til eitt felles estisk språk på slutten av 1800-talet (mens võro fall utanfor, dei austfinske dialektane vart inkludert i det finske standardspråket på 1840-talet, mens fleire austersjøfinske språk vart halde utanfor denne prosessen. Dei siste tiåra har meänkieli og kvensk vorte standardisert, desse språka tok aldri del av den samlande prosessen dei finske dialektane gjekk gjennom frå 1840-talet og framover, men vart i staden påverka både av nordsamisk og norsk (for kvensk) og svensk (for meänkieli).

Austersjøfinsk har vore i tett kontakt med baltarar og germanarar i fleire tusenår, frå tida før oppsplittinga av vesturalsk i ursamisk og uraustersjøfinsk. Talrike lånord frå urgermansk, tida før synkopetida, dokumenterer desse kontaktane, som t.d. fi. kuningas og rastas for urg. *kuningaz og *rastaz, der stammevokalen (a fall bort i nordgermansk i synkopetida, og den finale stemte frikativen z (ofte skrive R) vart til r i nordgermansk. Dei austersjøfinske språka har altså halde på dei gamle germanske formene.

Leksikon[endre | endre wikiteksten]

Skilnadene dei austersjøfinske språka i mellom er særleg leksikalske. Det uralske ordforrådet og dei gamle lånordslaga er det same i alle språka, men det siste tusenåret har lånordskjeldene vore ulike: Finsk har fått lånord frå svensk, estisk frå tysk, livisk frå latvisk, og dei andre austersjøfinske språka frå russisk.

Skiljet mellom finsk og estisk er større enn ein kan få inntrykk av ved å høyre på språka, dei har nemleg mange såkalla «falske vener», av typen norsk «kunstig», svensk «konstig», t.d. fi. piimä «surmjølk» est. piim «mjølk», fi. huvittava «morosamt», est. huvitav «interessant».

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jf. Turunen 1988

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Hammarström, Harald; Forkel, Robert; Haspelmath, Martin, red. (2017). «Finnic». Glottolog 3.0. Jena, Germany: Max Planck Institute for the Science of Human History. Dette er ein god bibliografi over ulike austersjøfinske språk.