Austertana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Austertana
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Tana

Austertana
70°26′18″ N 28°30′38″ E

Austertana (nordsamisk Juovlavuotna, kvensk Jouluvuono)[1] er ei bygd som ligg ved botnen av Leirpollen i Tana kommune i Finnmark i Troms og Finnmark fylke. Ho ligg rundt 30 kilometer nord-nordaust for kommunesenteret Tana bru, og busetnaden strekkjer seg frå Leirpollen og oppover nedre delen av Juladalen.[2] Grunnkrinsen Austertana hadde 199 innbyggjarar 1. januar 2017.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Berggrunnen i området består av sparagmitt frå Varanger-istida i eokambrium. Verdas nest største kvartsittbrot som blir drive av Elkem ligg i Austertana.[4]

Ved Austertana ligg Stangnestind, som er det høgaste fjellet på Varangerhalvøya med ei høgd på 724 meter over havet.

Den lengste sandstranda i Noreg ligg i Austertana. Ho er 13 km lang, og går frå Leirpollnes til Rødberget.[5] Ein del av staranda er halvøya Høyholmen, som er ein kjend stad for å sjå fuglar.

Det nordegaste punktet for bjørkeskog i Skandinavia er i Austertana.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Austertana». Faktaark. Kartverket. Henta 26. januar 2018. 
  2. Austertana på Norgeskart.no frå Statens kartverk
  3. «Tabell: 04317: Folkemengde, etter grunnkrets». 20250101 Austertana. Statistisk sentralbyrå. Henta 26. januar 2018. 
  4. «Austertana» (18. mars 2020) av Svein Askheim i Store norske leksikon, snl.no.. Fri ombruk.
  5. 5,0 5,1 «Høyholmen i Tanamunningen naturreservat», www.ut.no (på norsk), henta 6. mai 2020